onsdag 23. mai 2012

På tur i Sogn og Fjordane



Eg likar å oppdage mitt eige fylke. Ikkje det at eg ikkje har vore i denne bygda, Fjærland før, men det er ikkje så ofte ein tek seg tid til å stoppe på og sjå og forstå.

Eg likar å sjå natur, folk, bygningar, nytt og gamalt, og ærleg talt, helst gamalt ;-)

Når våren helt på å ta tak, likar eg å oppdage ladskapsrom som er i ferd med å skifte farge. Dette er eit lite "maleri" i skogen under Supphellebreen, der det grøne er i ferd med å få overtaket.





Ein gamal fjøsbygning ved kaiområdet. Fantastisk flotte murar, forseggjort arbeid. Ein stasbygning i si tid. Ikkje fullt så begeistra for forfallet og kontrastane mot rundballar og ymse anna, sjølv om kontrastar er populært for tida...



I Fjærland er dei og så heldige at dei har eit av dei flotte trehotella, som det vart bygde ein del av på slutten av 1800-talet. Dette er frå ca 1890. Hotell Mundal. På plenen ned mot fjorden er logoen til hotellet planta i ein formasjon av påskeliljer.


Fjærland er også bokby. Mange uthus, naust og andre bygningar i sentrum av bygda er fylt opp med bøker. Her treng ein tid. Men det er mogeleg å gjere både gode kupp og spennande funn.


Eg veit ikkje eg, er det Fjærlands siste ku som stikk hovudet ut her?



Summa summarum. Fjærland er ei bygd i fylket verdt eit besøk. Eg var i anledning skuletur. Vi besøkte sjølvsagt Bremuseet som er spanande både for store og små. Grilling under Bøyabreen. Tur til Supphellebreen og jettegryter var spanande. I tillegg fekk vi sjå eit stort rasområde, etter eit ras som gjekk i 2004. Der det demde seg opp oppå breen og når dette brast, raserte det eit heilt dalføre i Fjærland. Slike ras har gått før, fleire stader under Jostedalsbreen og vil nok gå igjen.

Kjekk tur for både små og store!



Ingen kommentarer: