mandag 18. januar 2010

Award og kveldsbilder

Frå Ann Helen med bloggen Snillpike har eg i dag fått award. Hjelpemeg, eg som ikkje har fått ut eit einaste nytt innlegg på bloggen på snart ei par veker...Men takk, takk, veldig koseleg!
Og då er det vel mi oppgave å gje den vidare til nokon. Hmm...
Denne går vidare til.....
Eg er alltid ute på feil tidspunkt når det gjeld fotograferinga mi. Å begynne å fotografere om kvelden, med blitz blir ikkje særleg vellukka når ein skal få fram litt stemning og ekte fargar. Det skjer med meg gang etter gang. Eg prøver med blitz og uten blitz og alt blir igrunn like dårleg. Her må eg skjerpe meg!
Men eg viser litt av dei mislukka bilda likevel.
Her i gangen starta vi på eit prosjekt for ei stund sidan, med å gjere om garderobeløysinga. Vi stengde att ei dør, og laga garderobe på heile veggen, med hyller bak døra, der det vart for liten plass til garderobe. Det er fortsatt litt småplukk att, litt lister, litt maling og litt ledningar som må fiksast. Men det kjem seg.


I gangen heng favorittlampa mi. Denne syns eg er fantastisk flott. Eigentleg så heng den litt utsett til der. Ting skal berast ut og inn og ymse andre aktivitetar gjer at den har fått svinga seg rett som det er. Eg har lurt på om den burde vore flytta, men har komme fram til at den høyrer til der, og berre må få leve livet sitt der, så lenge det varer. Og det har gått bra hittil, den har overlevd mange tiår.



I eine stova har vi plassert dette skrivebordet.
Det er arvegods og veldig flott, fekk lyst til å vise det fram i kveld ;-).


Denne veka har 3 av familiens medlemmer feira bursdag. Først pappaen den 13. og så to elleveåringar den 14. Så då er vi igang. Neste bursdag blir i mars, så april, så mai, og så pause i juni og ny feiring i juli.

Under viser litt av menyen. Eit eksperiment av året, var å servere bønnegryte. Dette har blitt ein favoritt her i huset. Men mange ungar er veldig kresne, og det var spanande å sjå kor mange som torde prøve seg på gryta...Cirka halvparten trur eg smakte den. Resten åt pølse med brød, som vi hadde "seifa" med denne gangen. I glasa er det gele i ulike fargar. Det er alltid ein suksess.



I barneselskap bruker vi alltid å dekke opp i nostalgi-kjellaren. Her er rikeleg med bord, og god plass til alle.



Som vanleg i mine blogginnlegg er eg innom litt forskjellige tema. Bildet under viser at eg er intet unntak i bloggverden, eg held på med hekleprosjekt i oldemorsruter! (er det ikkje det det heiter?) Forskjellen er vel kanskje den at eg held på med det same prosjektet i årevis, medan andre berre held på nokre veker.... No har eg plukka det fram atter ein gang, skal tru kor langt eg kjem no...?



Eg har også eit bruktfunn og vise. Desse to lysestakane er blandt dei siste på bruktfunnfronten min. 5 kr pr stk på gjenbruksbutikken kvalifiserte til eit nytt liv i vindaugskarmen min.




Nattbloggaren er no begynt å kvikne til etter eit døgn med omgangssykje, men bør vel likevel finne senga snart. Ha ei god natt! Neste gang skal eg gjere eit forsøk på å blogge med klare bilder tatt i dagslys ;-).......................trur eg...




6 kommentarer:

Bossa sa...

Hei. Nydelig det skrivebordet ditt. Og lampa er kjempekoselig.
Tusen takk for hilsen hos meg.
Jeg har også masse uferdig håndarbeider liggende. Skal jo strikke lappetepper til 14 barnebarn, så jeg må bare stå på. Hehe.
Ha en super uke. Klem :O)

Solveig sa...

Tusen takk for at du tenkte på meg min venn!! Det varmer et blogghjerte, skal du vite. Tusen takk! Tar den med meg i neste innlegg:o)))
Et lite tips til fotografering med blitz: prøv deg frem med alt fra matpapir og tynne stoff til å dekke foran blitzen. Da kan du styre disse "blitz-rosene" på en annen måte:o))) Godt det blir lysere så vi bloggere kan fotografere om kvelden også:o)))

Så nydelige ting du viser! Lampa var kjemesøt og skrivebordet helt i særklasse! Så kjekt å få se litt mer av "samlingen" din:o))))
Herlig bursdagslokale:o))
Klem fra Solveig

Mira sa...

Tusen takk for awarden, det varmet! Lurer jo på innimellom om eg skal fortsette å blogge, og da er det godt å få sånn oppmuntringer.

Det blir kjempeflott hos deg! Det skrivebordet må du aldri finne på å male, kjempefint, som det er. Å klenodier tuller ein ikkje med. Ikkje det at eg beskylder deg for sånt men,, Mye maling i blogglandia. Mange ganger er det greit nok men ikkje alltid. (Synst eg da.).

Flotte lysestaker til 5kr. stk. et funn spør du meg.

Håper du får ei fin veke! Klem.

Solveig sa...

Takk for koselig tilbakemelding:o) Baderomsdanderinga har nok pågått over flere år:o) Her er alt som det pleier bortsett fra en liten ryddings:o)))
Legg ut noen bilder av badet, da vel. Du har sikkert mye hjemmelaget der du også, kjenner jeg deg rett:o)
Ha en flott kveld.
Klem fra Solveig

kreakris sa...

Tusen takk for award! :)

Det har ikkje vore så mykje kreativ blogging frå min kant i det siste heller. Men du slår jo til med masse bilder og lange innlegg når du først kjem på bana!

Stilig lampe i gangen. Det ser ut som de har fått ein koseleg og funksjonell gang. Vi jobbar jo på det samme feltet, og håpar å få begynt med flislegginga i neste veke.

I dag held eg sofaen og ladar opp til nattevaktshelg. Er blitt forkjøla og hadde igrunnen store syplanar i dag, men det gjekk i vasken gitt. Lite piff i kroppen. Håpar du har komt til hektene etter omgangssjuka.

God helg!

Solveig sa...

Ønsker deg en nydelig helg men mange kreative stunder!
Klem fra Solveig