torsdag 7. januar 2010

Kaldt, men våren kjem snart!

























13, 5 minusgrader ute er slett ikkje så ille samanlikna med mange andre stader for tida. lenger nede i dalen viser gradestokken -20. Likevel, for meg er det aaaaltfor kaldt! Og huset her som har dårleg og lite isolasjon og mange dårlege vindauge, faktisk fleire enkle vindauge er travelt å halde varmt. Med litt trekk/vind er det iskaldt på austsida i huset.

Huset her hadde 11 ovnar når vi flytta inn. Vi har gjort ein del utbetringar med vindauge og isolasjon, men det står myyykje att. Vi har fjerna ein god del ovnar, og sit no att med 4. 3 av ovnane er i full drift i dag. Den 4. skulle eg veldig gjerne hatt i drift. Men som bildet visar, så er det eit stykke frå ovnen til pipa. Manglar nemlig eit rør her. Etter at golvet vart skifta, vart den gamle ovnen som var sprukken bytta ut med ein ovn som stod i stova i 1. etg. Den treng nok litt puss og sverte, så er den god som gull!







Telys varmar. I dag har eg sikkert brent nærare 50 telys. Dessutan er det koseleg med telys. For eit vår og sommarmenneske er det faktisk heilt nødvendig med telys for å komme gjennom vinteren.






















For å overbevise meg sjølv om at det går mot vår, no når vinterens høgdepunkt, jula er over. Må eg ha vårlege blomster og fargar i hus.


Tulipanar gjer susen no i desse kaldaste og mørkaste månadane. Heldigvis er dei billige og ;-)





















Primula er obligatorisk på første handlerunde etter at juletreet har fått fyken.























Til slutt vil eg vise mitt siste kjøp på gjenbruksbutikken. Usikker på kor gammalt dette er, men sikkert frå 60-talet...Er det nokon som veit det?

Dette fatet fekk eg ein gang nokon hadde opprydding, og skulle kvitte seg med saker og ting. Bestemor hadde eit slikt ein gang, berre i større utgave, og eg syns difor det var koseleg å få tak i dette... Det har difor havna i Nostalgi-kjellaren min. Eg har vore innom gjenbruksbutikken fleire gangar, og sett på denne lysestaken. Dei første gangane kobla eg ikkje. Men så begynte eg å lure på om det var same mønster og fargar som fatet eg hadde heime... Og det var det! Kan godt sei eg var godt fornøgd når den fortsatt stod der med pris kr 20,-. Artig!

Same dag som denne handelen gjekk av stabelen, stakk eg innom Antikkbutikken i Førde. -Og der hadde dei eit slikt fat, og prisen .......350,-. Jøyemeg tenkte eg, og var endå meir fornøgd med å ha fått tak i denne lysestaken! (på bildet ser det ikkje ut som det er heilt same fargar, men det er det i verkelegheita)









7 kommentarer:

ann helen sa...

Ikke så glad i vinteren jeg heller, men godt at været er stabilt iallefall. Bedre enn snø og regn. Her nede i sørvest holder gradestokken seg på -16, ganske stabilt. Men vi har isolert og skiftet vindu (jippi), og fikk montert varmepumpe for noen uker siden. Så det er godt og varm inne. Ønsker deg en fin helg.

Bossa sa...

Fine saker du har fått deg her. Mener også det er fra 50-60-tallet. Min bestemor hadde slikt da jeg var lita.
Ha en fin dag i morgen. Klem.

Solveig sa...

Så kjekt å finne noe som matcher det en har! Mange gode bruktkjøp å gjøre på den butikken:o)
Nei, det er ikke alltid så godt å få varmen i gamle hus. Vårt er heldigvis ganske så varmt, men så har vi også nylig bytta kledning og vindu:o)
Sjablonger lager du av overheadark, en utskrift fra pc'n og en tapetkniv ( med dertil underlag). Lykke til.
Ha en fin helg.
Klem fra Solveig

Ellemeller sa...

Tusen takk for veldig hyggeleg kommentar!!
Her er det òg kaldt, men det er veldig koseleg å sitte inne å sjå på vinteren har eg funne ut;)

Mira sa...

Gamle vedovner er nydelige, og varmer godt. Det har vore vedovner i vert rom her også, men nå er det bare ein i stova og den er ny dessverre og ny peis på kjøkken. Det har ikkje vert pensjonat her, og nabohuset er likt vårt. Så det var vel byggeskikken her. Det er så kjekt å besøke nabohuset for det er mere originalt enn vårt. Så kosligt å se åssen det har vert før.

Sol og ikkje så kaldt nå, burde gå ut,,,
Når våren kommer skal me ut ja. Håper den blir fin. ikkje for mye regn.

Håper du får ei fin uke.

Klem,,

Kristine sa...

Ikkje så kjekt med trekkfullt hus i desse dagar, nei! Men det e jo veldig koselig med vedfyring og stearinlys:) Og våren kjem uansett, så vi kan jo gle oss mens vi ventar!
Eg kjenner eg klør etter ein tur på gjenbruken no. Lenge sia sist. Så kjekt at du har gjort nok eit funn. Og eg skjønnar gleda over å finne det samme på antikkbutikken til ein langt høgare pris:) Det er difor bruktbutikken er så spennande!

ann helen sa...

Ligger noe til deg på bloggen min.