tirsdag 4. mars 2014

Prosjekt storehus!


Etter å  i lang tid ha vore på utkikk etter eit eldre hus som vi kunne flytte til og restaurere her på Flatheim. Var "løysinga" nærare enn vi hadde trudd. 6-7 kilometer frå oss sto dette huset. Huset er den type hus som gjerne var på dei største gardane i distriktet her, og som vart kalla storehus. Det vart brukt som lager av ymse, og også som hus til arbeidsfolk og andre gjester om sommaren. 


Eigaren av huset hadde ikkje kapasitet til å ta seg av det, og var villig til å selje.


Huset var prega av forfall, og ein takreparasjon som var gjort på 80-talet var ikkje så vellukka som eigaren hadde håpa, så taket hadde store lekkasjar. Vi såg at tømmeret var nokolunde, og det såg ut som vi kunne klare å gjenreise det, med litt utskifting av "deler", og tak sjølvsagt.

Så var det riveløyve. Ein lang prosess. Kommunen sende det over til fylkeskommunen pga at huset kunne ha ein høg alder. Etter mange synfaringar, og lang tid i tenkeboksen, konkluderte fylkeskommunen med at løyve til riving og flytting vart gjeve. Dei vurderte det slik at det ellers var svært sansynleg at huset ville gå tapt. Det hadde allereie store skadar, som vi bremsa nokre år med presenningar på taket. Eit vilkår var at vi fekk tidfesta alder på huset ved dendrokronologisk datering. Dette måtte gjerast i demonteringsprosessen, for å komme til å ta boreprøvar frå rett side av tømmeret. Og at huset sjølvsagt skulle restaurerast mest mogeleg antikvarisk, noko som også var vårt ynskje.


Etterkvart kunne demonteringa starte.


Taket var så rote, at vi måtte leige lift for å komme til nokolunde trygt når det skulle takast ned. Faren var ellers stor for å rase rett igjennom.


Tømmeret synte seg å vere i overraskande god stand, og skadane var ikkje så store som vi gjerne først tenkte.


Demontering.


Merking av tømmer


Ny tomt


Mykje reingjering! Her skurar vi golvbord. Huset har vore nytta til blant anna salting av kjøt. Så i eine rommet er det ein del saltskadar på golvet. Dette er ei nøtt, så om nokon har tips til korleis vi skal få det golvet så bra som mogeleg, så tek vi imot med takk. Førebels har vi lagt nedatt golvet, og vi har prøvd med eddik, som nokon har sagt skal nøytralisere saltet. Førebels usikker på effekten av det.

Etterkvart som døra i huset gjekk ut av sine glansdagar, hadde huset vorte tilgjengeleg for blant anna sauer, så det var mykje skit som skulle vekk ;-).


Her er huset godt på veg i gjenreisinga.


Juksa litt med traktor og frontlastar.



Før vinteren kom vart taket tett, og etter at vi såg at regn kombinert med vind, gjorde at tømmerstokkane vart gjennomtrekte med vatn, så vart det også presenningar for å beskytte veggane inntil kledning kjem på. 

Viktig å få det luftig på same tid, slik at sopp og mygl held seg unna. Men vinteren har forsåvidt vore ein samanhengande storm, så ikkje problem med luft for å sei det slik.


Vi har putla på litt innvendig når ikkje kulden har vore for hard. Litt "standardheving" må til, slik at vi kan ha ein noko meir utvida bruk og nytte av huset enn det opprinneleg var som storehus. Difor blir det lagt isolasjon i golva.


Mykje reingjering. Vasking og skuring av tømmerveggane er heilt nødvendig. Nokon som vil vere med?? ;-)
Det står fortsatt mykje att!


Legg merke til gardintrappa. Står heilt i stil med huset, gamal, god og heimelaga!

Fortsettelse fylgjer!