onsdag 11. januar 2012

2011 Ein slags oppsummering


Tja.... Ikkje så vanskeleg å sjå av bilda kva eg ser mest fram til for tida, kanskje? For å sei det slik, så er det ikkje dei 2-3 snømånadane vi har framfor oss no. Sola som kjem att  om eit par veker, derimot er eg særs begeistra for. Og at det lysnar litt dag for dag. Snøen er grei nok den, her hos oss får den som oftast ligge, så det er ikkje så verst sånn sett. Og det er slett ikkje verst at vi mest truleg får starta det nye skitrekket vårt i løpet av dei første dagane, og det skal bli morro! Gledar meg til å sjå små og store i full aktivitet "rett uanfor" stovevindauga. Kanskje må eg til og med tusle meg bort sjølv og...


Likevel gledar eg meg mest til våren, når snøen må gje tapt for varmen. Liene blir grøne. Sauene får lam. Krokusen sprett,- og eg har planta 40 nye krokusløkar! Fuglane kjem i fuglekassane. Hønene får komme utatt. Grillen får komme utatt. Balejazz.

Det er våren som er mi årstid.


Eg hadde igrunn tenkt å lage eit innlegg  med bilder frå året som gjekk, Eller rettare sagt iallefall siste halvåret, etter at vi fekk på plass nytt kamera og det vart moro å ta bilder. Men eg har ikkje tolmodigheit til å arbeide med desse blogginnlegga så lenge i slengen, så eg har lasta opp eit bilde no og eit bilde då. Plutseleg er det 11. januar, og eg tykkjer det er på tide å poste innlegget som liksom skulle vere nyttårsinnlegg. Så då får eg legge ut dei bilda eg har så langt, så får eg sjå om det blir fortsettelse ein anna dag. Eller om eg rett og slett begynner på noko heilt nytt ;-)


 Dette bildet er av Jonathan som plutseleg fann ut at han skulle sykle Gaularfjellsrittet i august. Tøfft gjort!



Over frå ein fin kveldstur til Kjelstadstølsdalen.



Bursdagsfeiringa til Ronja, som på grunn av forholdsvis bra ver måtte feirast ute. Inkludert bading. (Bading er det forresten for ho den dagen, uansett ver.)


Ein kveldstur til Vikumstølen med Barnas Turlag Fosseheimen.



Fjorårets ferietur som varte i 2 dagar, og vart avvikla i eige fylke.Tur til Selje og Vestkapp.


Ganske oppkvikkande å sjå desse sommarbilda spør du meg. Her på Flatheim er jula ute. Primula er på plass både her og der, og vi ventar på sola!