lørdag 17. desember 2011

Fylkespris for idèrike bygdesamfunn

Denne veka har vore innhaldsrik. Tysdag hadde eg eit spanande oppdrag. Viksdalen var nemleg utpeika til fylkepris for idèrike bygdesamfunn. Dette var stas. Ettersom det var eg som hadde forfatta og fremja forslaget, så fekk eg oppdraget å reise på Fylkestinget og ta imot. Gaularfjellet er sjølvsagt vinterstengt, så å køyre ein tur til Fylkeshuset tek nesten tre gangar så lang tid som det ellers ville gjort. Men eg fekk heldigvis med meg godt selskap, så det blei rett og slett ein koseleg førjulstur.




Litt spanande var det og å vere med på tingsete, sjølv om vi ikkje var der meir enn nokre timar. Kjekt å sjå korleis det går føre seg, og ikkje minst helse på mange av våre folkevalde som skal styre og stelle denne perioden.

Her kan du lese litt meir om prisen og utdelinga om du vil ;-)

I morgon er det skitnesøndag. Eg reknar med den blir litt slik her i huset, altså litt skiten. Er ikkje aldeles i rute til jul nett endå. Men det kjem seg vel litt med morgondagen til hjelp. Har fått eit par sortar småkaker i boks i kveld, og kakemenn-deig står til kjøling, så då  ligg vi godt an på den fronten iallefall. Så får vi sjå korleis det går på dei andre frontane....