torsdag 13. juni 2013

Remontering er i gang



Då begynner det å ta form



Ramma skal leggast ut


I gang med reparasjon av det som var rote og måtte skiftast.

Litt meir stein må justerast og leggast på plass. Så kan vi starte med å bygge oppover. SPENNANDE!

onsdag 12. juni 2013

Steinbordet


I hagen har vi eit steinbord som vi brukar mykje. 
Frukost. Føremiddags-kaffelatte. Grillmiddag.


tirsdag 11. juni 2013

Nær elva....


Flatheim ligg langs kanten av Gaularvassdraget.
Det er flott og fascinerande å ha elva så nær. 
Vi set stort sett pris på det.


Friluftsområdet vårt ligg sjølvsagt også ved elva, og det er flott å komme så tett på. 
Når det er "normal" vannstand er det stort sett roleg vatn rundt oss.
Men, på eine sida av gapahuken renn den stri forbi. 
Ettersom vi har litt småbarn på besøk rett som det er, har vi funne det sikrast å gjere dette litt tryggare. Sjølv om ein er nær elva og vatn heile tida, er det forskjell på roleg vatn der ein kjapt kan fiske opp nokon som måtte plumpe uti. Der det renn stri elv, derimot, kan det fort bli litt verre....
Difor er det no komt gjerde som skal hindre dei minste i å ta ein kjapp snur i den retning. Sjølv om det skygger litt for elva, så er det ikkje så verst, og vel verdt det!


Gapahuk med nye gjerder!




torsdag 23. mai 2013

Barnas Turlag på Fuglestien


I dag var det planlagt tur med Barnas Turlag på Fulglestien her på Flatheim.
Turboreven venta spent på grinda, og jammen dukka det opp nokre barn som ville bli med!


Dette er ein liten og lett tur rundt på garden, der vi kan lese om fuglar i området på små tavler, og om vi vil sette oss ned og spionere litt, så kan vi kanskje sjå om  nokon  har flytta inn i fugleholkane som heng rundt om i trea.


Undervegs i ruta kjem vi til gapahuken og leikeområdet. Her blei det ein liten pause for leik, mat og grilling.


 Barnas Turlag har med seg stempel, og det er alltid spennande å få stempla, -enten boka si, -eller kanskje rett og slett i panna!


Denne søte vesle karen som var med på tur, var eigentleg litt redd for dyr, men bestemte seg plutseleg for at geitekillingane var akkurat passeleg for han, og slett ikkje farlege!


Under matpausen måtte vi rett og slett sette desse turkameratane på taket ei lita stund for å få fred ;-)


Kano måtte også prøvast!

søndag 21. april 2013

Vårlege aktivitetar


Silkehanane er ute og luftar seg om dagane. Stolte og fine med skikkeleg hockeysveis!



Frk Spjåk fann ut at det måtte vere perfekt å teste badetemperaturen i dag!


 Var litt vanskeleg å komme heilt under, men det gjekk nesten.


I kveldinga flytta det inn tre geitekje. Berre nokre få dagar gamle og skikkeleg søte!


Og jammen var det komt ein ny, liten vaktel i rugemaskina. Litt sånn på størrelse med ei humle...

Ellers har mykje av dagen gått med til å rake vekk lauv og ymse kvist og kvast som plutseleg prydar plen og tun. Det er blitt observert ymse spirande og optimistiske grøne stilkar på veg opp. Ikkje verst, sjølv om telen fortsatt er berre nokre ytterst få cm nedi bakken.

Hadde gjort seg med litt sol no, så hadde det blitt fart i sakene!!

mandag 15. april 2013

Våren kom i går!


I går kom regnet, plussgradene og vinden, -altså våren.
Vi kan faktisk sjå snøen og isen smelte. Det susar og brusar i fjell, elvar og skogar. Det er faktisk ingen tvil om at det er våren, for det er akkurat slik den høyrest ut.

Eg har snoka litt rundt for å sjå om det er krokusar på veg opp nokon stad, slik det vanlegvis er når snøen forsvinn. Krokusar kan eg ikkje sjå snurten av. Heller ikkje noko anna som spirer. Men, men, vi får vente nokre dagar, kanskje det er liv der nede i den svarte jorda. Plussgradene lyt vel få råde litt lenger, -så kanskje. I mellomtida får litt vårlyng gjere nytten.



Denne gjengen var jublande glade over å få komme ut av den vesle "andegården" dei har budd  i gjennom hardaste vinteren. Andegården tolte nemleg ikkje plussgrader og vatn, for å sei det slik. Her var det berre å flytte ut umiddelbart. Gjengen har fryda seg over sølepyttar og gulbrunt gras i heile dag.



Denne karen har også sprada rundt i dag og undersøkt det som etterkvart har komt fram under is og snø.
Vi prisar våren heile gjengen her på Flatheim!

torsdag 11. april 2013

Stille før stormen.....?



I ca eit halvt år har vi hatt minimalt med nedbør, -iallefall i min hukommelse ;-). I tillegg har vi hatt sikkert hatt 10 minus i gjennomsnittstemperatur i denne perioden. Det har resultert i ei vassføring i elva som er utruleg lita. 

Som nabo til denne mykje fotograferte brua, brua over Likholefossen, eller "The Silver Bridge" som mange kallar den, -syns eg det var på sin plass å dokumentere denne tilstanden.


Om eit par dagar er det meldt store nedbørsmengder innover vestlandet. Reknar med det medfører at omgivelsane endrar seg kjapt. Ein del varmegrader skulle visst følge med regn og vind. Det er muligens våren som kjem med brask og bram....




Eg syns det er aller mest fascinerande å oppleve fossen i storflaum. Men det er likevel ganske interessant å sjå kor store forskjellane kan vere, frå flaum, til minimal vassføring og is. 




Det gjekk an å slå seg ned inntil ein furulegg i dag. Steinane var også oppvarma av sola. Faktisk kjende vi antydning til lukta av vår ute i skogen!!




Då er det snart slutt på denne tilstanden ifølge vermeldinga. Blir spennande å sjå når våren skal byte plass med vinteren.