torsdag 11. april 2013

Stille før stormen.....?



I ca eit halvt år har vi hatt minimalt med nedbør, -iallefall i min hukommelse ;-). I tillegg har vi hatt sikkert hatt 10 minus i gjennomsnittstemperatur i denne perioden. Det har resultert i ei vassføring i elva som er utruleg lita. 

Som nabo til denne mykje fotograferte brua, brua over Likholefossen, eller "The Silver Bridge" som mange kallar den, -syns eg det var på sin plass å dokumentere denne tilstanden.


Om eit par dagar er det meldt store nedbørsmengder innover vestlandet. Reknar med det medfører at omgivelsane endrar seg kjapt. Ein del varmegrader skulle visst følge med regn og vind. Det er muligens våren som kjem med brask og bram....




Eg syns det er aller mest fascinerande å oppleve fossen i storflaum. Men det er likevel ganske interessant å sjå kor store forskjellane kan vere, frå flaum, til minimal vassføring og is. 




Det gjekk an å slå seg ned inntil ein furulegg i dag. Steinane var også oppvarma av sola. Faktisk kjende vi antydning til lukta av vår ute i skogen!!




Då er det snart slutt på denne tilstanden ifølge vermeldinga. Blir spennande å sjå når våren skal byte plass med vinteren.


Ingen kommentarer: