Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

fredag 28. desember 2012

Gamle, kule julekuler!


I mange, mange år har vi (eg) pynta treet med raudt og sølv. Skikkeleg gjennomført og stileg....

Men i fjor kom det opp protestar frå eit par av gutane her i huset. No ville dei ha det litt meir fargerikt og innhaldsrikt. Det var på tide å plukke fram dei gamle, arva kulene som ikkje har fått komme ut av kottet. Det er ulike grunnar til at dei ikkje har fått komme ut, den viktigaste er trass alt at vi har vore redd for at dei skulle bli knust. 



Men det har trass alt blitt litt rolegare tider med åra, og når gutane forlangte fram dei gamle, ærverdige kulene, tenkte eg at "la gå", det er greitt!



Men dei same gutane kom med det same kravet i år også.
Litt sikring har vi, då, slik vi har alltid har hatt. Vi har nemleg ei fin, raud sløyfe frå toppen av treet og opp i ei skrue i taket. Så fallet skal ikkje bli særleg stort, om det skulle oppstå "situasjonar". Men det har gått heilt fint så langt. Både folk og dyr er fredelege.



Kulene over og under er laga av papir, og er ganske spesielle og sikkert nokså gamle. Dei er arva frå mi bestemor.


Kulene under er også arv, og er nok iallefall eldre enn alle oss i familien...;-)





Alt i alt, så er det vel heilt i vår ånd å bruke desse gamle, arva kulene, så vi slit ikkje særleg med at det 
ikkje er heilt gjennomført fargemessig osv. Eg trur faktisk vi seier oss svært fornøgde med årets juletrepynt!

lørdag 17. desember 2011

Fylkespris for idèrike bygdesamfunn

Denne veka har vore innhaldsrik. Tysdag hadde eg eit spanande oppdrag. Viksdalen var nemleg utpeika til fylkepris for idèrike bygdesamfunn. Dette var stas. Ettersom det var eg som hadde forfatta og fremja forslaget, så fekk eg oppdraget å reise på Fylkestinget og ta imot. Gaularfjellet er sjølvsagt vinterstengt, så å køyre ein tur til Fylkeshuset tek nesten tre gangar så lang tid som det ellers ville gjort. Men eg fekk heldigvis med meg godt selskap, så det blei rett og slett ein koseleg førjulstur.




Litt spanande var det og å vere med på tingsete, sjølv om vi ikkje var der meir enn nokre timar. Kjekt å sjå korleis det går føre seg, og ikkje minst helse på mange av våre folkevalde som skal styre og stelle denne perioden.

Her kan du lese litt meir om prisen og utdelinga om du vil ;-)

I morgon er det skitnesøndag. Eg reknar med den blir litt slik her i huset, altså litt skiten. Er ikkje aldeles i rute til jul nett endå. Men det kjem seg vel litt med morgondagen til hjelp. Har fått eit par sortar småkaker i boks i kveld, og kakemenn-deig står til kjøling, så då  ligg vi godt an på den fronten iallefall. Så får vi sjå korleis det går på dei andre frontane....

mandag 28. desember 2009

Romjul og julegaver

Sviblar må vere i hus heile desember. Planta full ei korg i fin fargeblanding, og no sprer lukta seg i heile huset. Mmmmm....
Både svarte englar og svart stjerne er å finne i den svartaste stova ;-).





Tenkte eg skulle vise fram litt av julegavene også. Denne fine pynten var under treet, men er no havna oppi treet.
Englesåpe og englefjes var å finne under juletreet. Desse for rett i kjellaren på baderomshylla.











Desse tre nissane hadde Ronja laga til brødrene sine.








Eit skilt som har vore på ønskelista i lang tid, var også under treet. Kanskje vi må ut å henge det opp i morgon?







Og ei bok! Skrive av ei venninne! Turar for små føter i Sunnfjord. Omtrent 100 turar har denne dama skrive om i boka. Vi har og vore med å gått nokre av dei, og vi er med på bilder i boka. Så bra å ha så mange turtips i nærområdet. Eg syns ofte dert er litt tiltak å ta ut på turar, når vi ikkje veit heilt verken kor vi skal starte eller slutte. Det slepp vi å lure på no! Denne blir nok flittig brukt både av oss og andre framover.

Sola har snudd! Det passa difor perfekt med utviding av behaldninga av plastservicet frå Marimekko. Det er først og fremst til hagebruk, og no gledar vi oss til det!











Koppar og fat. Dei er fine desse!





Og brannteppe. Slett ikkje dumt. Hadde faktisk tenkt på det no rett før jul, at det var sikkert lurt å anskaffe seg. Plutseleg så var det under treet! Slett ikkje verst!



















Og så vil eg vise litt av den nostalgiske julepynten.

Nissen i trekanten heng på døra i Nostalgi-kjellaren. Desse nissane hadde besteforeldra på dørene sine. Dei er gamle og har med seg mange gode minner.
Dei fleste av englane har eg hatt så lenge eg kan hugse. Den største kan trekkast opp, og går då rundt mens den spelar ein julesang. Dei to små papirenglane har eg fått av ei grandtante som budde i København. Dei er også gamle. Den lille risengelen er ei venninne som har laga, av litt nyare dato enn dei andre, men har nokre år på baken den og... Den nest største engelen har Ronja arva frå mi tante.
Den tova nissekona er det Adrian som har laga.
Dette vart ei lita visning av gaver, julepynt, og litt julestemning her i huset. Som vanleg har eg lasta opp altfor mange bilder, så dei kjem nok litt på kryss og tvers her. Det får stå til!




søndag 20. desember 2009

Bloggar om alt på ein gang....



Begrensar meg ikkje denne gangen, men bloggar om alt på ein gang! Har lasta opp altfor mange bilder også, så dei har plassert seg litt rart utover....


Tenkte eg først skulle vise litt frå kiosken. Den typiske 60-tals betongklossen. Her har eg fyllt inn ettterkvart som eg har sydd og produsert, og det ser snart ut som ein velfyllt butikk ;-).
Eg har også fyllt inn med litt lokalt produserte produkt, foreløpig Balholm frå Balestrand, men utover våren skal det inn litt andre produkt også, og så blir det vel litt utsalg til vegfarande i sommar tenkjer eg.
Ellers er det litt gamle nostalgiske saker frå tida bensinstasjonen var i drift. Kanner, oljeflasker, litt informasjonsskilt og ein del bilder frå kiosken si historie er hengt opp på veggane.
Kven er det som har laga alle desse hjerta, skal tru...? ;-)














Har lyst å vise denne muggen (trur ikkje eg har gjort det før...). Denne fekk eg av ein supersnill kollega, som hadde dumpa bort i den på eit loppemarked. Eg har nemleg heile servicet med dette mønsteret, men hadde ikkje mugge... Då dette kom for ein dag, var eg så heldig at eg rett og slett fekk heile muggen! Takk og takk! Eg jaktar stadig på delar som denne dama manglar til sine arvegods.

På ein av mine turar innom gjenbruk denne månaden oppdaga eg denne muggen. Eg syns det var noko veldig kjent med den.. men det plinga ikkje før eg var på støvtørkingsraid i min nostalgi-kjellar. Då oppdaga eg til alt overmål at eg hadde 3 skåler i same mønster. Muggen sto fortsatt i butikken neste gang eg var innom, og då vart det handel. Eg kan berre gremmest over den vesle terrinen som eg ikkje kjøpte tidlegare i haust, også i same mønster. Då plinga det nemleg ikkje. Og den er selvfølgeleg vekke no....
I kveld vart trappa opp til 2. etasje pynta. Girlander med lys og lysglas i trappa vart skikkeleg lunt og "julete". Litt grønsåpelukt kom det også ut av denne seansen.
Og kva skal dette bety? Jo, den utflytta kattungen er heime på juleferie. Og ein morgon eg kom ned hadde den leika litt hardt med ein orkidè... Det meste av blomster låg fint ved siden av... Det var berre å late som det var avskårne blomster og putte dei i vatn...

Snøen har omsider lagt seg såpass at mannen i huset (den eldste), kom seg avgårde for å prøve skia. På Gaularfjellet fann han denne utsikta.

Turboreven, som er maskoten til Barnas Turlag, kviler ofte her hos oss mellom turane sine med barna. Han fekk difor lov å vere med på denne turen. Eg trur han var lykkeleg for det!

Eit av dei siste sengeteppa eg har sydd i lyseblått, lilla og rosa-tema. Dette er pakka inn og blir å finne under eit juletre om nokre få dagar...
Badet i kjellaren held på å få sitt særpreg. Det er detaljane som tel heiter det.. Difor har eg fått sendt nedover to parfymeflasker frå Paradiset hage og interiør. Desse held nemleg stilen som badet skal få..

Ei lita trekvit hylle vart innhandla for kr 15,- på gjenbruksbutikken for nokre veker sidan. Denne har fått seg ein omgang eller to med malerkosten, og er havna på veggen på badet med diverse "stæsj" på.



No må natteravnen opp i senga. Det er nemleg eit poeng å komme på beina igjen før seinvakta i morgon! Ha ei god natt!

fredag 18. desember 2009

Hjerter! .....igjen...



Eit mini-innlegg til meg og vere.... I kveld har eg atter ein gang sydd ei par hjerter. Fekk takk i nokre fleire band på min tur til Balestrand på mandag. Dermed så poppa det opp eit par nye variantar i hovudet mitt som berre måtte ut...
I kveld har vi vore på julekonsert i kyrkja. Mange flinke sangtalent og koret sang julestemninga inn. Etter konserten er det tradisjon med juletregang. Dette trur eg eigentleg er litt spesielt at vi gjer i kyrkja. Så lenge eg kan hugse har vi hatt denne tradisjonen. Forskjellen er at ringen rundt juletreet var mykje større før. Eg er eigentleg ikkje ein veldig ivrig juletregangar, men i dag måtte eg berre vere med, for denne tradisjonen syns eg er verdt å ta vare på!
I morgon blir det Førdetur. Eg må berre ta meg kraftig sammen å komplettere julegavene. Må sendast og leverast både hit og dit. Trur mange avgangar har deadline i helga, så ....Og sjølvsagt ein tur på gjenbruk, den mest spennande butikken i heile Førde!!
Sov godt, til dei som endå ikkje søv,....og god vakt dei som faktisk ikkje skal sove i natt!



tirsdag 8. desember 2009

Desemberstemning


Å ta bilde av utendørsbelysning, går eigentleg ikkje an med mitt kamera. Men dristar meg til å vise fram eitt likevel. Postkassebusskurmelkerampen vår er blitt julepynta med lys, nisse og kongler. Det er faktisk ganske koseleg.



Reknar med alle er leie av å sjå alle hjartevariantane eg syr, men det er jo så artig, at det dukkar stadig opp nye eksemplar. Desse to er allerede gitt vekk til to sangfuglar, som sang julestemningen inn hos meg og sikkert andre også, i en såkalla minijulehuskonsert fredag kveld.


Ein ettermiddag tusla vi ut i skogen for å plukke kongler og samle litt greiner og slikt til å pynte med. Litt er tatt i bruk, og litt gjenstår, viser det ein annan dag....



Ikkje heilt fritt for at vi fekk litt julestemning. Kvitt var det iallefall, sjølv om vi ikkje akkurat kunne gå på ski....











tirsdag 1. desember 2009

Adventskalendaren klar!

Nesten kvart år tenker eg at i år skal eg starte på kalendaren i god tid. 5x24 presangar tek si tid å lage til. Nokre år går det fint med tidleg start, men i år blei det siste kvelden.... Men, faktisk syns eg det gjekk veldig kjapt og greitt å lage den klar. Kanskje litt fordi eg har nokre fellespresangar i år, og derfor sparte meg nokre innpakkingar...
Kjøkkenet er godt i gang med å blir julete. Sviblar er på plass og eg gledar meg til lukta....

Nyttar høvet til ei etterlysning. Vi har nemleg gamle heimesnekra kjøkkenskap og diskar. Saken er den at vi gjerne skulle hatt fleire slike. Vi har eit par kjøkkenprosjekt på gang, og ville helst hatt slike der og... Er det nokon som veit om slike på låve eller kjellar, -eller ein annan stad, som treng ein ny heim, så ta kontakt!


I gangen er det også innført julestemning.


I går kveld vart det produsert litt fleire julehjarter.


I dag tidleg låg desse pakkane klare på kommoden i gangen, slik at ungane kunne ta dei med til sine respektive klasse-adventskalendarar på skulen.



Det blir brent ein del telys her i huset....




Jonathan har blitt inspirert av kransebinding og hjarter, så etter ein skogstur på søndag, var denne plutseleg å finne på kommoden i loftsgangen. Syns den var veldig fin!
Då er tida inne for å tusle til sengs. I morgon ventar annonsering av uttrekt eksamensoppgave frå mappe, så då er det spennande om det blir ei som krev mykje bearbeiding, eller ei som krev lite. Eg har ein favoritt.... Er formen fin, og oppgåvetrekkinga gunstig, kan det hende eg skal begynne å kikke litt i julekakeoppskrifter....