lørdag 22. april 2017

Å fange stemningar!



Å leve i nuet i kvardagen er både enkelt og vanskeleg.
Ofte er det mange oppgåver som står på planen, og det ligg alltid der i bakhovudet og "masar". 
Likevel prøver eg å lage små "lommer", enten for å rett og slett sette meg ned ved steinbordet i hagen og ta ein kaffe-latte, eller stoppe opp der eg er og ta inn det eg ser og høyrer.
Eg likar og å fange desse øyeblikka. Det skjer svært ofte at eg på veg frå ein stad til ein annan, plutseleg berre må stoppe bilen for å ta bilde. Då er det ofte eit spesielt lys, eller fargar, som gjer at det berre må fangast! 

Det er fascinerande å sjå kor mange uttrykk ein stad kan ha gjennom året. Snø, flaum, sol, regnboge, kveldssol, morgonsol, regn, skodde, nordlys, måne osv osv. Nokre av desse øyeblikka kan vere sjeldne å sjå. Då blir det endå meir fascinerande!



Tok eit lite dykk i arkivet, og fann litt ulike stemningar som er fanga her på Flatheim. 




Bildet over er rett nok fanga av ein fotograf som var gjest her i fjor sommar. Han var tidleg opp, fekk morgonsola med på laget, og fekk masse fine bilder, tatt med drone, i ulike vinklar. 
Tusen takk, Max, om du les dette!



Elva ligg like ved oss, og syner mange ulike sider av seg sjølv gjennom året. 




Det er ein eigen ro over det å sitje på elvekanten og tenke på ingenting!


På kanten av elva står desse og nikkar så fint.

Mange av øyeblikka er sjølvsagt fanga med mobilkamera, eg trur eg skal ta eit dykk i det arkivet også ein dag, så kan eg vise fleire gyldne øyeblikk!

Ingen kommentarer: