torsdag 28. august 2014

Det begynner å ta form!


Det er ikkje gjort over natta å møblere eit hus. Spesielt ikkje eit gammalt, ærverdig hus, der vi vil behalde huset sitt særpreg, samtidig som det skal harmonere med våre planar for utnytting av bygningen.


Dei ulike stovene er frå forskjellige tidsepokar og må behandlast deretter. I den gamel delen kjem det ikkje til å komme så mykje på veggane. Her er det veggane i seg sjølv som er dekoren og vi vil syne fram mest mogeleg av den. Det er både imponerande arbeid, og imponerande alder på desse stokkane frå 1500-talet.



 Loftet er innreia til gjesterom, og sjølv om vindauga fortsatt ikkje er på plass, så har gjestene ikkje latt vente på seg. 


Dei gamle stolane som eg trekte om i vår, er havna på det eine rommet, saman med eit gammalt, sjarmerande bord som naboen i siste liten før bålet, fekk ein tanke om at vi kanskje kunne vere interesserte i. 


Etter litt tankeverksemd blir det sett saman møblar og inventar, som har vore samla gjennom nokre år, litt herifrå og litt derifrå. Arv, bruktfunn, "søppelfunn", gaver, litt auksjonsfunn og litt ymse.












Taket er nytt, ellers er det meste skura og pussa og brukt oppatt så langt som råd er. Då vi starta trudde vi at vi kunne bruke eitt av dei seks golva i huset. No har vi brukt alle, men nokre få reparasjonar og utskiftingar her og der. Det er faktisk ganske kjekt. 

Det er kjekt at det begynner å ta form.  Utvendig er det litt arbeid att, og litt inne også sjølvsagt. Men det minkar, det minkar ;-)


tirsdag 4. mars 2014

Prosjekt storehus!


Etter å  i lang tid ha vore på utkikk etter eit eldre hus som vi kunne flytte til og restaurere her på Flatheim. Var "løysinga" nærare enn vi hadde trudd. 6-7 kilometer frå oss sto dette huset. Huset er den type hus som gjerne var på dei største gardane i distriktet her, og som vart kalla storehus. Det vart brukt som lager av ymse, og også som hus til arbeidsfolk og andre gjester om sommaren. 


Eigaren av huset hadde ikkje kapasitet til å ta seg av det, og var villig til å selje.


Huset var prega av forfall, og ein takreparasjon som var gjort på 80-talet var ikkje så vellukka som eigaren hadde håpa, så taket hadde store lekkasjar. Vi såg at tømmeret var nokolunde, og det såg ut som vi kunne klare å gjenreise det, med litt utskifting av "deler", og tak sjølvsagt.

Så var det riveløyve. Ein lang prosess. Kommunen sende det over til fylkeskommunen pga at huset kunne ha ein høg alder. Etter mange synfaringar, og lang tid i tenkeboksen, konkluderte fylkeskommunen med at løyve til riving og flytting vart gjeve. Dei vurderte det slik at det ellers var svært sansynleg at huset ville gå tapt. Det hadde allereie store skadar, som vi bremsa nokre år med presenningar på taket. Eit vilkår var at vi fekk tidfesta alder på huset ved dendrokronologisk datering. Dette måtte gjerast i demonteringsprosessen, for å komme til å ta boreprøvar frå rett side av tømmeret. Og at huset sjølvsagt skulle restaurerast mest mogeleg antikvarisk, noko som også var vårt ynskje.


Etterkvart kunne demonteringa starte.


Taket var så rote, at vi måtte leige lift for å komme til nokolunde trygt når det skulle takast ned. Faren var ellers stor for å rase rett igjennom.


Tømmeret synte seg å vere i overraskande god stand, og skadane var ikkje så store som vi gjerne først tenkte.


Demontering.


Merking av tømmer


Ny tomt


Mykje reingjering! Her skurar vi golvbord. Huset har vore nytta til blant anna salting av kjøt. Så i eine rommet er det ein del saltskadar på golvet. Dette er ei nøtt, så om nokon har tips til korleis vi skal få det golvet så bra som mogeleg, så tek vi imot med takk. Førebels har vi lagt nedatt golvet, og vi har prøvd med eddik, som nokon har sagt skal nøytralisere saltet. Førebels usikker på effekten av det.

Etterkvart som døra i huset gjekk ut av sine glansdagar, hadde huset vorte tilgjengeleg for blant anna sauer, så det var mykje skit som skulle vekk ;-).


Her er huset godt på veg i gjenreisinga.


Juksa litt med traktor og frontlastar.



Før vinteren kom vart taket tett, og etter at vi såg at regn kombinert med vind, gjorde at tømmerstokkane vart gjennomtrekte med vatn, så vart det også presenningar for å beskytte veggane inntil kledning kjem på. 

Viktig å få det luftig på same tid, slik at sopp og mygl held seg unna. Men vinteren har forsåvidt vore ein samanhengande storm, så ikkje problem med luft for å sei det slik.


Vi har putla på litt innvendig når ikkje kulden har vore for hard. Litt "standardheving" må til, slik at vi kan ha ein noko meir utvida bruk og nytte av huset enn det opprinneleg var som storehus. Difor blir det lagt isolasjon i golva.


Mykje reingjering. Vasking og skuring av tømmerveggane er heilt nødvendig. Nokon som vil vere med?? ;-)
Det står fortsatt mykje att!


Legg merke til gardintrappa. Står heilt i stil med huset, gamal, god og heimelaga!

Fortsettelse fylgjer!

mandag 30. september 2013

Haust i Bygstad


Ein liten visitt i Bygstad i helga, resulterte i nokre haustmotiv i linsa.


Intense fargar





søndag 29. september 2013

Vår nye, friske "hobby"!



For ei veke sidan starta denne friske aktiviteten. Morgondukkert med for tida 7-8 grader i vatnet. 
Vi er sikre på å vakne, og vi blir ganske så energifylte utover dagen.
Ein kjapp dukkert i Lyngstadfossen (Paradisfossen eller Kjerringer-mot-strømmen-fossen som den også blir kalla) kl 9 kvar morgon er oppkvikkande! Og gjengen av morgonfriske badeløver har blitt større utover i veka, artig!




Verdt å prøve! :-)

lørdag 28. september 2013

Det ser idyllisk ut her, og det ER det! ;-)



Sist veke fekk vi spørsmål om å ta i mot ein gjest. Ein tysk blogger som skulle reise rundt i området vårt, teste vandreprodukta våre og oppleve litt av fjellet og litt av kysten. Eit triveleg oppdrag som vi sa ja til. Ettersom ho hadde ein ettermiddag og ein morgon til disposisjon, valde vi å syne fram Fossestien langs Gaularvassdraget. Sjølvsagt skulle ho jo vore her minst ei veke, og fått sett både toppar, stølar og mykje meir...

Både vi og ho var særs heldige med veret. Sol frå skyfri himmel, litt kald, men frisk og klar haustluft. Eit godt utgangspunkt for å vise fram naturen vår frå si beste side.





Kameraet blei sjølvsagt med på tur. Greitt å fange opplevelsen i linsa. Og kvar årstid har sin sjarm!



Her ved Hovsfossen (bilde over)



Fint haustlys


Låg haustsol, litt irriterande for auga...Men valde å fokusere på dei gode stemningane det skapte i staden!


Ein nyskjerrig gjeng.




Ute av sola  FROST!


Eit idyllisk småbruk, Langøyra, som ein til dagleg ikkje ser fordi det ligg litt skjerma, vekk frå vegen, men passerer om ein er på vandring langs Fossestien.



Blei det for kaldt for denne?
(Barndommens store skrekk, vi fekk farten opp når desse nerma seg)



Likar lyset!!


Likar lyset II!



Avslutta kvelden ved bålet, med utemat.


Varme frå bålet og ein fantastisk stjernehimmel!

tirsdag 16. juli 2013

Storehuset veks


Mesteparten av tømmeret er komt på plass igjen. Etter at desse bilda blei tatt, kom det endå litt meir i høgda. Ein del av det som ligg oppunder taket treng reparasjon før vi kan begynne på sjølve taket. 

Det skal bli bra å få tett tak. 

Nokre dagar med meldingar om store nedbørsmengder er i vente, så i kveld blei det pakka inn i presenningar, i påvente av sol som forhåpentlegvis kjem til helga.


Det er ganske utruleg at tømmeret er i såpass bra stand, denne delen som vi ser her er trass alt 440 år gammal! Den andre delen er mest truleg frå 1889. Litt reparasjonar har det blitt, sjølvsagt. Heldigvis har vi flinke fagfolk i Nedre Jølster Bilelag, som har bidratt med arbeid og gode råd undervegs.


Tippar at dei som syns regnet er mest ok, er denne gjengen her. 


Tok å fanga denne syrinen i linsa. Er nok på siste verset no....Synd eg ikkje fekk med lukta!