søndag 10. februar 2013

Det går mot lysare tider!


I dag var ein slik dag der vinteren tek seg best ut!
Litt i kaldaste laget, men når sola er framme hjelp det godt på.
I år har vi lite snø, så lite at vi fortsatt ikkje har fått starta opp det lokale skitrekket. Men no er det iallefall så mykje snø at litt løyper går det an å få til.


Varmestova ved skibakken er god å ha. No er den meir eller mindre tett, og varmeovn er montert, så no går det an å vere i bakken og løypene, og varme seg etter behov. Det kjem seg sakte men sikkert!


Trekket står stille, men ungane veit råd, og kjem seg oppover på "gamlemåten"!


Andre har også vore ute på søndagstur, i eigne, private løyper.


Litt av grenda bada i solstrålar.


Flatheim bada i solstrålar.


Elva fascinerer meg stadig med alle sine sider å vise seg frå. Vinterprakta som i dag, er ein dei. Tenk for ein kontrast til ei flaumstor elv som vi kan sjå andre tider på året.


Gaula i vinterprakt.


Vi har hatt mange rosa solnedgangar bak fjella i Sogn. I dag var det nokre skyer som blanda seg inn. Men litt flott vart no det og!


Så til slutt eit lite bilde av våre silkehøns. Tre hanar og ei høne. Dei er etterkvart blitt ganske staselege.
Dei bur for tida ilag med nokre vaktlar. Eg trur alle gledar seg til varme og vår!

tirsdag 15. januar 2013

Fjelltur, sol og lite snø!




I helga var vi på fjelltur. Bursdagsfeiringsfjelltur til Sletteheia ca 780 moh,- og vi kunne gå til fots. Ikkje kvar medio januar vi kan gjere det. Kjekt at det var så lett å gå. Og kjekt å komme seg opp i sola!


Eit bra utsiktspunkt her oppe. 


Utsikt over Viksdalsvatnet 


 Utsikt mot Haukedalen


Opp der skal vi! Opp i sola!!


Utsikt mot Tjønneland


Tilbake på Flatheim ca 430 moh. Det hadde faktisk gjort seg med litt meir snø. Altfor kald og ganske skummelt med tanke på vatn som fort kan fryse....Dessuten er det mange som ventar på at vi skal få opna skibakken som vi ser bak huset på bildet, og det treng vi meir snø til!

fredag 28. desember 2012

Gamle, kule julekuler!


I mange, mange år har vi (eg) pynta treet med raudt og sølv. Skikkeleg gjennomført og stileg....

Men i fjor kom det opp protestar frå eit par av gutane her i huset. No ville dei ha det litt meir fargerikt og innhaldsrikt. Det var på tide å plukke fram dei gamle, arva kulene som ikkje har fått komme ut av kottet. Det er ulike grunnar til at dei ikkje har fått komme ut, den viktigaste er trass alt at vi har vore redd for at dei skulle bli knust. 



Men det har trass alt blitt litt rolegare tider med åra, og når gutane forlangte fram dei gamle, ærverdige kulene, tenkte eg at "la gå", det er greitt!



Men dei same gutane kom med det same kravet i år også.
Litt sikring har vi, då, slik vi har alltid har hatt. Vi har nemleg ei fin, raud sløyfe frå toppen av treet og opp i ei skrue i taket. Så fallet skal ikkje bli særleg stort, om det skulle oppstå "situasjonar". Men det har gått heilt fint så langt. Både folk og dyr er fredelege.



Kulene over og under er laga av papir, og er ganske spesielle og sikkert nokså gamle. Dei er arva frå mi bestemor.


Kulene under er også arv, og er nok iallefall eldre enn alle oss i familien...;-)





Alt i alt, så er det vel heilt i vår ånd å bruke desse gamle, arva kulene, så vi slit ikkje særleg med at det 
ikkje er heilt gjennomført fargemessig osv. Eg trur faktisk vi seier oss svært fornøgde med årets juletrepynt!

onsdag 7. november 2012

Framdrift





Etter ein lang prosess med mykje venting på ymse godkjenningar, tid til å manne seg opp og spekulere på korleis det skal angripast osv, så er endeleg Storehuset demontert. På grunn av over ein månad med regn, kom arbeidet så seint i gang, at vi ikkje får starte på gjenreising før til våren.




Sjølv om taket var heilt kaputt, og vi kanskje hadde forventa at det skulle avdekke seg endå meir som var dårlegare enn først antatt, så var det faktisk ein del som var bedre. Positivt!

No ligg huset merka og lagra i store stablar ved tomten der det skal byggast oppatt, klart til vårsola har fjerna snøen. Då er det berre å hive seg rundt!

Likevel har vi ein del bygningsdelar som må reparerast og kopierast i løpet av vinteren. Det er berre å hugse på at vinteren igrunn går fort, så det gjeld å sette igang ;-)




Det blir utruleg spennande å gjenreise bygningen i sitt nye tun, og sjå det tek form! Det gledar vi oss til!



Vi har tatt prøvar av tømmeret på den eldste delen, og det viser seg og vere hogd vinteren 1572 og 1573.
Det er nesten skummelt å tenke på alt dette huset har opplevd. 440 år er mange generasjonar med mykje sorg og glede. Det er ei ære å få lov til å ta vare på det vidare.

tirsdag 4. september 2012

Villa Villekulla


I helga, då folk gjekk mann av huse for å vere med på Førde Opp på den nye bystien, reiste eg og gjengen til nabokommunen på andre sida i staden.

I Balestrand var det marknadsdag i Holmen, dvs på kaiområdet. Lokale tilbydarar av mat, klær mm, og ymse andre aktivitetar. Brukbart ver, og god stemning.

I helga hadde eg bestemt meg for å sette linsa på nokre av dei flotte villaene i Balestrand. Dei ligg på rekke og rad og er ganske fascinerande. Dei fleste er bygd opp på slutten av 1800-talet og begynnelsen av 1900-talet. Dei er tilsynelatande velhaldne, og det er bra!






Rosemaling utvendig på hus er vel heller sjeldan kost...

 

Har alltid syns denne med tårn har vore ekstra spennande....

I denne hadde keisar Wilhelm i si tid fest. Min bestefar fortalde at han som liten gut hadde stått og sett gjennom gjerdet på dei fine folka som dansa og sprada rundt i hagen.


Forseggjort garasje, vil eg sei!


Futegarden. Her skal Gjest Bårdsen i si tid vore i fangenskap.


Standsmessig fuglebrett!


mandag 6. august 2012

Ferdig!



Då er det vesle, nye hønsehuset i hagen ferdig. Det vil sei, det gamle vesle hønsehuset er erstatta med eit litt større. Eg likar ikkje å sei at ting er ferdig før dei er ferdig. Men no er torvtaket på plass, så då begynner det å bli bra, sjølv om det er står att litt maling (på slike stader som ikkje viser så godt....;-))


Slik ser det ut frå trappa ;-)



Torvlegging!!


fredag 3. august 2012

Kulturlandskap

Dei aller fleste likar å sjå eit veltstelt kulturlandskap.
Etterkvart som samfunnet har endra seg dei siste 10-åra, er det ferre og ferre som haustar for (gras) fordi dei må. Mange fjøsar står tomme, og det er strengt tatt ikkje nødvendig å slå graset for den del. Nokre av desse bruka som ikkje er i drift leiger ut jorda til eit anna bruk som fortsatt driv. På den måten får dei fortsatt jorda si stelt, iallefall det mest lettstelte av jorda si. Bratte bakkar og utkantar kan det vere so som so med. Ein del av desse nedlagte bruka blir berre ståande og gro att, matjorda blir forringa, og det mykje omtala kulturlandskapet forsvinn under kratt og skog.



Her på Flatheim har vi ikkje akkurat eit lettstelt bruk. Ingen bratte bakkar, men det meste er overflatedyrka, så det er lite med flate bøar, men heller  haugar og knollar, litt blautt og litt tørt...

Vi har også eit område som er svært spesielt, nemleg ein furulund, der dyra beitar vår og haust og som blir slått om sommaren. Det er ikkje sikkert mange har tenkt over det, men slike stader er det svært få av.

Ettersom vi har sauer i fjøsen, må graset slåast. Med høytørke som einaste "oppbevaring" er vi ganske veravhengige, og som oftast må det opp nokre hesjar for å berge graset i hus. 

Det er ikkje sjeldan at turistane stoppar i vegen for å fotografere desse hesjane. Det hender og at dei rett og slett må ned og sjå på dei.



Legg merke til "traktoregga". Eit lite område er mogeleg å komme til for å presse rundballar, og i år blei det 3 stk. Så her er gamle og nye kunster i skjønn forening ;-)


Her blir det slått rundt furuleggane med slåmaskin.


Men det er også andre faktorar for eit velstelt kulturlandskap. Nemleg beitande dyr og/eller rydding av skog. I år har vi tre geitebukkar. Desse kan verkeleg kunsten å rydde landskapet! I sommar har dei fått gått på eit område ved elva. Rett nok på naboen, men til glede både for oss, forhåpentlegvis også naboen, og resten av grenda, ettersom vi no har fått opna opp eit område som etterkvart var blitt ganske utilgjengeleg. Ein del skog blei hogd her i vinter og vår, men resten av jobben har desse gjort. Vi har fått att utsikta både mot elva og brua.

Det er arbeidskrevjande å halde kulturlandskapet i hevd, men i respekt både for farne og kommande generasjonar tykkjer eg det er vår plikt å gjere det.

(og dette kunne eg sagt mykje meir om.........)