søndag 26. september 2010

Ein samlar?......ja, litt....


No er vi ikkje akkurat bortskjemde med loppemarked her i Sunnfjord.
Men gjennom eit år, dukkar det opp ulike skattar frå ulikt hold...Bruktbutikkar, opprydningar på loft og i kjellarar, bekjentskap osv. Etterkvart har er det blitt ei bra samling, og stadig meir ein er på utkikk etter som passar inn i det ein har frå før...


Ellers er det kjekt å ta vare på ting som syner utvikling og historie. Denne gamle prislista frå pensjonat-tida dukka opp i nokre papir og er ramma inn og komt på veggen. Tilsynelatande var det ingen upris akkurat ;-)



Eit gammalt medisinskap er fylt opp av "medisinting", gamle globoidøskjer, renset bomull, vitaplex, gasbind, eit hefte om skjønnhetspleie.



Eit gammalt vaskefat og ein såpekopp, med (ganske bra) matchande bosspann frå Kremmerhuset. Alle desse tinga er i "full drift" på badet, og det er jo det beste, når ting kan brukast!




Desse brunrosa glasskålene er det etterkvart blitt ein del av, har kakefat, stor skål, likørglas mm. Siste tilskudd var vel denne vesle med hank, funnen på loppemarked i Sverige i sommar.






Desse skålene til venstre var å finne på bruktbutikken i sommar, dei inngjekk vel ikkje akkurat i ein "serie" eg hadde frå før, men var for fine til å gå i frå likevel.... Så då har eg vel ein ny "serie" å samle på då.....





Denne blomsterpotta var å finne på drive-in-loppis i Sverige i sommar. Kjempefin!





Frå pensjonatet si storheitstid. Cola-brikke og tilhøyrande askebeger!





E brikke frå bruktbutikken i Sogndal, og ein kakeboks kjøpt frå Nostalgia. Perfekt match!








onsdag 22. september 2010

Litt lunare....


Tv -stova har fått ny habitt igjen...
Etter å ha hatt lyse (kvite gardiner) gjennom sommaren, er det no på tide å lune det litt igjen.
Desse støvgrøne gardinene fekk æra av å friske opp kjøkkenet til sommaren, no er det "roa ned" att med lyst, gråblått, og gardinene har fått ny jobb. Framover skal dei nemleg lune det litt i tv-stova for hausten. Mesteparten av dei kvite putene fekk fyken, og vart erstatt med støvgrønne og litt andre lyse puter. Som vanleg er det ingenting som kjem til sin rett på bilda eg tar, men det er no eit forsøk....

Lappeteppet over den svarte sofaen får ligg ei stund til. Det ligg til og med skeivt til ære for blogglesarane ;-).



Bordet er ein gammal butikkdisk, funnen på loftet her, for mange år sidan. Vi fekk laga bein på den, og den har sidan fungert som bord. Det morsomme er at innholdet kan bytast etter humør og interiøret ellers. dermed fekk den litt grønt tema no, ettersom det vart grøne gardiner.



Må finne litt meir og putte inn i her, trur eg...

Bladet Gamle Hus og Hager har også fått plass her. Kjempebra blad, å anbefale for dei som likar det litt gammalt ;-). Mange gode råd mm. å hente her.


Stilaset står fortsatt godt på den siste veggen....
Forandring fryder, og dette var fort gjort! Noko som er meir tidkrevande er min idè om å male ei bokhylle, som dekkar ein heil vegg i dette rommet...Trur ikkje eg skal syne bilder av den med det første.

mandag 20. september 2010

Det kjem seg....

Etter lang venting og ein del masing, har vi omsider fått på plass riveløyvet på Storehuset som vi skal flytte. Etter at løyvet kom, måtte vi prioritere maling av huset. Og så kom regnet...Så den store innsatsen har vi ikkje fått starta med på flytteprosjektet, men vi er iallefall igang med merkinga. Og det er jo VIKTIG! Så vil hausten, nedbør eller ikkje nedbør og temperatur, ha ein viss påverknad på prosessen vidare. Håpet er å få demontert på denne sida av året....

Her ligg 3 stk pusekattar. Dei to minste nermar seg fire veker. Den store er storebror som passar på, og som vil vere med i det gode selskap. Har han funne ut at han har lyst å ligge i korga, så legg han seg der, enten det er plass eller ikkje. Snålingen!


Vi hadde eit mål om å få malt minst to veggar i sommar. Det har vi greidd, og nesten den tredje og....men så blei det stopp og slik har det stått utan at det har skjedd noko i halvanna veke. Det har faktisk ikkje vore opplett så lenge i strekk at det har vore mogleg å tørke opp såpass at mønet og hjørnborda kan få siste strøket. Utruleg irriterande. I kveld hadde det kanskje gått. Men kor er dei som torer seg opp på øverste avsats? Ikkje heime iallefall...



Må sei det har komt seg mykje. Vi har skifta frå raude til kvite vindskeier og hjørnebord. Slik var det opprinneleg malt, og slik er det blitt igjen. Syns det blei mykje koselegare å sjå til no ;-). Då er det "berre" vindauga igjen å få skifta. To-rams og tre-rams vindauge var det som var opprinneleg. På 70 og 80 talet vart mesteparten av desse skifta ut til husmorvindu. Tragisk. Huset mista ein del av seg sjølv og sin stil. Vi har skifta ein del av vindauga, men det står att mange. Planen er å ta det litt gradvis vidare. Må sei eg gledar meg til det er gjort. Spekulerer litt på dette store vindauga på nedsida av huset, som vart sett inn på 70-talet. Det tek seg ikkje særleg bra ut frå utsida, men inne i stova er det igrunn veldig fint med stort vindauga og utsikt mot elva. På ein måte syns eg det er litt for lite når det først skal vere stort. Så lurer faktisk på å sette inn eit som er endå litt større, og med oppdeling i same stil som dei andre vindauga, berre i større format.


På denne sida er til alt overmål eit par av vindauga punkterte også. Fysjom!

Alltid noko å ta tak i med gamle hus. Likevel, gamle hus er jo det kjekkaste som finst. Eg lyg ikkje når eg seier at eg ALDRI har ønska meg eit nytt hus. Gamle hus har vore ei av mine store interesser til stor fascinasjon, så slik må det berre vere.
Då satsar vi på litt opphaldsver, for det har vi behov for framover! God natt!




lørdag 11. september 2010


No er hausthabitten på plass på kjøkkenet, iallefall er den begynt å ta form.
Kjøkkenet er vel det rommet som oftast får "gjennomgå".
Plutseleg ein dag står eg der, og kjenner det på meg, at no må det forandrast noko her.
Som oftast endar det då med skifting av gardiner, og flyttinga av saker og ting. Enten kjem det fram noko gammalt som byter plass, eller det blir kjøpt inn litt nye småsaker.
Denne gangen vart det ein kombinasjon. I sommar var vi innom An Angel by my Side på Halsa. Her var det mykje fint å sjå. Denne korga for eksempel....



Boksedilla kan eg kanskje ikkje påberope meg, -men det er sikkert ikkje så langt i fra.
Dei blå boksane var også å finne på kaien på Halsa...
Skulle nokon ha ærend forbi her, så er denne bua å anbefale.

Var innom ein del loppemarked i ferien også. Litt fangst blei det. Skulle ønske det var fleire loppemarked her i området. Nostalgia derimot har haugevis av loppemarked i Bergensområdet. Ho har heldigvis litt overskudd på handelen sin, og sel ut litt ymse i sin bloggbutikk. Dermed fekk eg desse gamle krukkene i eige. Foreløbig har dei havna i kjøkkenhylla, litt andre planer for dei på sikt.


Sidan det vart litt nostalgisk og gammaldags her i kjøkkenkroken, henta eg opp ei gammal brikke i tre frå Nostalgikjellaren min. Forandring fryder.


I dag kom regnet. Minst ein dag for tidleg. For vi hadde att minst ein halv vegg å male. Heldigvis var det vind frå "riktig" retning, så veggen var tørr, og vi fekk på malinga. Får håpe det blir eit lite opphold i morgon og, for det gjenstår litt som treng eit strøk til.

Ettersom eg ikkje har noko i høgda med malarkosten å gjere, blei det litt kjøkkenteneste. Brød, muffins og saft blei produsert.

No er det natt! Godnatt!


















torsdag 9. september 2010

Haustlege syslar....

Starten på september har vore suveren med tanke på veret. Sist helg var Ronja med fleire på topptur til Geitebotsfjellet, kommunetopp i Gaular. Ho hadde med seg kamera i sekken og har fotografert heimover til grenda. Hoffslåttene bada i sol ;-)


Om eg ikkje likar å plukke bær, så er det heldigvis nokon som gjer det. Koke saft likar eg betre.
Difor har det blitt plukka ein del rips, og kokt ein del saft. Sjølvberginga har med andre ord fortsett her på Flatheim.

Maling av eit høgt hus er i gang. Eg for min del har malt det eg rekk frå bakken, og der stoppar det. Eg er vanlegvis den som svingar malarkosten, men ikkje høgt oppe i lufta. Har heldigvis nokre i familien utan høgdeskrekk og, så malinga har gått sin gang, og det er store forbetringar. Skal vise bilete seinare...







Er ikkje så veldig begeistra for å plante lyng, det er liksom eit sikkert haustteikn... Men, når stemorsblomstrane som har stått her sidan tidleg mai har gitt tapt, så er det ingen veg utanom. Då er lyngen kjekk å ha, for på ein måte forlengar dei sesongen og....

Håpar på nokre dagar til med dette veret, for malinga er ikkje heilt fiks ferdig endå.
I helga skal sauene heim frå fjellet, så nokre vil vel sette pris på fint ver til det og. Ikkje for det, det er rikeleg med ruskeversprosjekt å ta av og...