torsdag 19. august 2010

Sjølvberging?




Etter ei morgonrunde i hagen, fekk eg bekrefta at eg har altfor lite som blomstrar på seinsommaren. Det burde eg legge meg på minne, slik at eg kan gjere noko med det....
Men desse gule, som eg ikkje anar kva heiter, men som er gamle og gode, frå bestemor si tid, dei blomstrar og er eit friskt innslag.


Men litt anna er det å sjå, då...
Hønene er i full produksjon, også dei nye av året, så no kan vi ete egg kvar dag, og fleire gangar om dagen om vi vil ;-)



Ripssaft og andre ripssaker kan det også bli.
Berre so synd at eg ikkje liker å plukke dei. Syns det er utruleg kjedeleg å berre stå der og kun halde på med ein ting, som i tillegg går litt seint....Men, det pleier no å bli ei råd. Eg ser no at tida er inne for å starte opp innhøstinga.




Og så urtebedet som eg anla i fjor. Har lyst å bli flink med urter. Så no har eg iallefall bestilt meg ei urtebok....

Problemet er i år som i fjor, at kvar gang eg har sådd, så har hønene hatt seg ein tur på rømmen, ut i hagen. Og kva er vel meir freistande enn eit stort bed med mold og frø. O'lykke! - tenker dei og sparkar og kosar seg!

Og då er det jo kaos. For kva kjem opp og kor? Det er berre å vente å sjå. I år var det ikkje så mykje av frøsåinga som gav resultat, men dei andre urteplantane trivst jo godt, så i dag har eg vore ute og plukka blad frå nokre myntevekstar for å trekke meg te. Men eg la dei frå meg i hagen ein stad, så eg må nok ut og leite ;-)




Monarda





Krusmynte




Oregano




Ein annan type monarda?






Persille, ja...




Og hønene som et frukost!
No skal eg ut og leite etter te-blada mine (eller kanskje eg må plukke nye?)
Ha ein fin dag!



mandag 16. august 2010

Turist i eiga bygd ;-)


Skulestart! Som oftast einsbetydande med sol og varme. Og litt "aleinetid" for mor ;-).
I hagen stråla desse mot meg. Og dei er flotte!


Eg og naboen tok oss halvanna times ferietur i eiga bygd. Turmål Osebua.
Eine og aleine for å sitte på terassen og beundre blomsterprakten til Weree og kose oss.



Det blomstrar nok ei stund til, så heng i, denne terassen og bua er verdt eit besøk!



Imponerande!




Friske, iskalde jordbærdrinkar og vafler var det som passa oss best i dag.
Anbefaler Osebua!



søndag 15. august 2010

På tur til ei nabobygd


Det er eit spennande område vi bur i.
I dag blei det ein liten tur over fjellet til Sognefjorden og Balestrand.
Som oftast køyrer vi denne vegen av gammal vane, vi veit jo at det er fint og flott, men når det skal visast fram, då manglar vi som oftast bilder....
Så i dag tenkte eg litt lenger, og tok med kamera ;-)
Gjennom dalføret frå Gaularfjellet og nedover ligg Fossestien, ca 21 km lang.
Torsnesstølen er startpunktert øverst oppe.

I retning Torsnesstølen går vi også, om vi vil gå den gamle driftevegen gjennom Sværeskaret, som vi ser på bildet.



Det er kjekt å sjå sau i vegkanten. På Gaularfjellet er det endå sauer som beitar, heldigvis. Sjølv om det nok har minka på dei. Beitedyr er viktige for å halde kulturlandskapet i hevd.



Nesten der vegen ligg høgst på fjellet, kan vi sjå denne gamle, men flott restaurerte, steinbua. Takk til dei som held denne vedlike!




Når vegen bikkar nedover att mot Sogn, kjem vi til Utsikten.




Her kan vi skue utover hårnålssvingane. Vegen var bygd i 1938. Det er mykje flott vegbyggarkunst å observere her!




Litt moro var det å treffe vår gode nabo og veteranturistvert Ottar på Utsikten. Omtrent ute i same ærend som meg, med fotoapparatet ;-)






Langs vegen gjennom Esefjorden er desse å sjå no i august.
Fantastisk store blå Hortensia. Og mykje meir blå enn det som syner på bildet!
Kan legge til at dette er min favorittblomst!!
Har eit forsøk i hagen no, men den blomstrar ikkje endå....




Balestrand har mykje å by på på denne tid av året.






Sognefjord Akvarium. Her kan ein lett bruke ein del timar!





Det Gyldne Hus.
Galleri og kafè med triveleg vertskap og god atmosfære.




Gjestehavn, som etterkvart har vorte ganske innbydande.





Cooper-huset. Begynnelsen på Norsk Reiselivsmuseum....



Ei flott samling av Balestrand si historie, med litt nyheiter i vegen framfor. Kunstbygda Balestrand toler dette ;-)



Og ein av mine favorittar. Ekspressbåten. Det er eit yrande liv på kaien, nokon kjem og nokon reiser. Men det beste av alt......lyden av den ;-D




Og tru ikkje at eg har synt fram alt, Balestrand har myyykje meir å by på!!
Og det beste av alt, denne flotte bygda ligg under ein time frå Flatheim, på Nasjonal Turistveg, berre fryd og gammen heile vegen!!