torsdag 27. mai 2010

Eit snev av sommar..

Dei siste dagane kan vi vel sei at vi har kjent eit snev av sommar...
Ikkje fordi temperaturane har bekrefta det, men sola har iallefall synt seg innimellom.
Og..det blomstrar og gror.
Og..det går an og ta seg fram i terrenget. Altså fjellturar og slikt...
Her på Flatheim har vi planta i krukker og kar. Litt etter litt, til tross for at vær og temperaturar ikkje har vore så veldig plantevenleg.
Stemor toler "mykje" kulde. Difor startar vi med den. Dessuten er det ein av favorittane. Så den har fått plass både her og der.
Primula i ulike variantar imponerer stadig. Dei livnar nemleg veldig fort til, og blir skikkelege fargeklattar.



I kveld sat eg ved kjøkkenbordet med pc'en og las Solveig sitt nye innlegg (Solbergets mange prosjekt). Ho nemnde noko om plantar på terassen... Då, brått med eitt, hadde eg ribba kjøkkenet for Pelargonium, og etter 10 minutt var dei i krukker på terassen. Så no kan dei samle energi og bli frodige og flotte! (For det hadde nok blitt i meste laget med kjøkken på dei, før dei slapp fri ;-))




I ribba vinduskarmar fekk eg plassert ei gammal kanne med desse rosa snuppene oppi.



Ellers er konfirmasjonar og slikt gode deadlines for ymse prosjekt. I haust skifta vi dør, og trappa som var der frå før, kun eit lite betongtrinn, hadde vore ynkeleg lenge. Høgt og lite, og verre vart det med ny dør, så ei ny trapp blei pressa inn som eit prosjekt med deadline konfirmasjon. Godt ka so e gjort!

Og litt plass til stæsj og fjas er det jo også, og det er jo fint!



Når det gjeld bevegelse i terrenget, er det "på veg inn for fullt". I kveld gjekk turen til Grautasteinane og ny trimpost der.
Turmålet i seg sjølv er ikkje særleg spennande, bratt og steinete, men utsikten er meir interessant! Ei flott oversikt over grenda, og fjell og finnar.


Akkurat ein passeleg liten dagleg trimtur. Dagleg er optimisten som seier, men det er eit mål, og mål må ein ha ;-)







onsdag 26. mai 2010

Bursdag og konfirmasjon


I helga har vi hatt både bursdag og konfirmasjon. Adrian vart 15 år på lørdag og vart konfirmert på søndag. Litt travelt å få plass til bursdagsfeiringa. Men vi tok den enkle variant med pølsegrilling og platekake i gapahuken. Då slapp vi å ruske i huset, der borda var ferdig dekka og stovene okkuperte av langbord.
Her er konfirmanten plassert i postkassemelkerampbusskuret vårt.



11 flotte ungdommar vart konfirmerte i bygda i år. Kyrkja var stappfull og vel så det. Ikkje alle fekk sitteplassar.



Har gjort forsøk på å fotografere borda, og bordpynten.




I gangen står eit melkespann med roser. Koseleg ;-)



Forsøk på å fotografere heile selskapet. Ca 70 stk når kaffigjestane hadde gjort sin entrè.




Og eit forsøk på å samle heile familien i linsa på ein gang. Håpar nokon har fått knipsa dette med eit bedre kamera....








onsdag 19. mai 2010

Lenge sidan sist!


Lenge sidan det har blitt blogga frå denne kanten. Det har faktisk mest med det å gjere at eg aldri finn kamera! Men no endeleg fann eg det, og det låg til og med eit par-tre knips innpå som eg kunne blogge.
For eit par veker sidan var eg i Balestrand, og der, -på ein bruktbutikk, fann eg jammen ein kopp i same mønster som muggen og skålene eg har frå før. Det er faktisk MORSOMT med slike funn! -men reknar med det tek si tid før eg kan dekke kaffibord til 12 ;-).


I tillegg er det nyheter i loftstova. Ei venninne som malar hadde laga eit morsomt sauebilde. Og jammen fekk eg overta det, so heldig! Passar jo perfekt til sofaen her oppe. Eg må berre produsere litt av mine produkt til gjengjeld. Litt er gjort, og ein del gjenstår. Kjekt når ein kan bytte varer som i gamle dagar!



To bittesmå søte flasker funne på bruktbutikken passar fint i dei smale vinduskarmane mine.
Siste tida har eg hatt litt dilla på rosa blomster av ulik art. Reknar med at til helga må desse byttast med andre fargar. Er nemleg i tvil om at husets konfirmant syns rosa er det mest passande på hans store dag.
Blir spennande, men litt ymse som skal fiksast innan den tid. Så ha det bra!