tirsdag 13. april 2010

Hummar og Kanari



Det før omtalte skirennet gjekk av stabelen på skjærtorsdag i år som alle andre år.
Vi fekk ikkje arrangere det hos oss som vi pleier. Det var for lite snø, så vi måtte til topps på Gaularfjellet.
Den gamle brøytestasjonen var base, og ting gjekk sin gang.

Trur det vart ny deltakarrekord i år, med nesten 200 påmelde. Ikkje nett alle gjennomførde, men det var bra likevel ;-)!
Rennets yngste, med nesten fotsidt startnummer. Ikkje to år endå...
Tidlig krøkes....





Premiane oppstilt og klare til utdeling.



Vaffelsteikarane er på plass. Sjølv om det bleir meir tungvint i år enn ellers så må vaflene vere med!



Etter påske-tid, er det tid for besøk i geitefjøsen.
Her i bygda har vi fleire bønder som opnar gardane sine for publikum. Ein av desse er geitebøndene på Øvre Bell. Barnas Turlag har hatt dette på programmet i fleire år, og det er svært populært.




Vi fekk sjå geitene bli melka.




Ein av geitebukkane smiler til fotografen.





Kjempespennande å følge med på fjøsstellet.





Og endå meir spennande å få helse på alle geitekillingane i "geitebarnehagen".
Takk for at vi fekk komme!





I helga fekk vi kjenne varme solstrålar, og for min del er det lenge sidan eg har kjent på dei. Jøyemeg kor behageleg det er!!
Det enda med at vi drog fram grillen og pølser og tok ei lita grilløkt på altanen. Det gjer godt å kjenne at våren er her!!





I helga hadde eg også bursdag. Med null i enden....
Eg er veldig glad i blomster, og må ha dette rundt meg i huset. Det blei litt påfyll av dette, blant anna denne kvite orkidèen. Skikkeleg søt var den. I bakgrunnen kan det også skimtast ei nytt saueskinn. Det har eg ønska meg lenge. Jammen dukka det opp!




Roser fekk eg av meg sjølv!




Ein kjempefin bukett frå to fadderbarn med familiar.
-og masse andre fine gaver fekk eg. Og besøk i lange baner, med mykje lått og løye.
Heldiggrisen!





Og ikkje nok med det! I hagen starta krokusane for fullt i helga! Eg fekk raka og rydda litt også. Og eg har dradd fram spaden, og starta på eit par utvidingar av blomsterbed, det går seint med ein dårleg rygg, men litt no og litt då, så blir det vel ferdig til slutt...
Eg er eit VÅR-menneske!
I morgon er det 14. april, då brukar ofte måsane å komme hit. Gledar meg til å vakne til måseskrik. Blir spennande å sjå om dei kjem i morgon...