søndag 21. mars 2010

Lys ute og lyst inne og eit par ferdigstilte UFO'ar





I går kveld vart lyset tent i skibakken vår for første gang. Eg kunne nesten klare meg utan lys på inne i stova. Ungane heiv på seg skia og la avgårde bort i bakken for å prøve.



Eg måtte sjølvsagt prøve å få det på eit foto, ikkje særleg vellukka, men ser jo at det har noko med lys å gjere ;-)










I går var også dagen for ferdigstilling av uferdige objekt (UFO'ar), for no skal symaskina ryddast vekk frå spisebordet, og andre førebuingar skal starte. Neste veke skal vi ha skirenn her, om snøen held. Dessutan har eg ei fordjupningsoppgåve som ligg å ropar på nye velformulerte setningar. Og eit par selskap nærmar seg også så smått. Puta over vart laga av eit øydelagt putetrekk med eit fint broderi på som fortente eit nytt liv.







Eit gult, påske og sol-inspirert krabbeteppe har vore påbegynt nokre veker. Det er skikkeleg irriterande å ha slikt liggande, så det var berre å kaste seg over det.













Hadde også laga eit strykemerke med sauer og lam på, som passar godt no framover våren her på Flatheim. Dette vart ei pute i full fart.







Hamskifte fortset. Under opprydding av spisestova fekk dei mørke gardinene fyken der og. Nye kvite gardiner, kvite roser, og litt omflytting på stæsj og anna, -og vips stova har fått eit nytt uttrykk. No kan våren komme, dvs neste fredag, etter at skirennet er ferdig ;-).

















Slik så det ut her før vårhabitten kom inn.



fredag 19. mars 2010

Fra vinter til vår

Det er på tide med hamskifte på Flatheim.

Dette brukar å skje kvar vår rundt påsketider.

Først ut er tv-stova.

På vinteren brukar vi nemleg ofte å "lune" det litt med litt mørkare fargar på gardiner og tilbehør.

Men når våren og lyset kjem, blir det heilt feil. Og trangen kjem dessutan til oppfriskning.


Slik har det sett ut i vinter.









Og slik ser det ut no, gardiner, puter og pledd har fått fyken. Og fram frå skap og andre lure plassar har det blitt henta fram lys habitt. Eigntleg hadde eg tenkt å sy eit nytt "lappepledd" for anledningen. Inntil vidare har eg funne fram eit som var ferdigsydd, så får vi prøve med det litt. Det tar nemleg meir enn 5 minutt å sy eit nytt....


Dei sjølvlysande kvite bollande på bordet har eg sydd av strimler, dette måtte eg prøve etter at eg fekk ideen på bloggen Jannes Hobbykrok, ho svisjar rett som det er saman slike bollar på eit lite blunk. Og det såg jo litt artig ut, då..





Eg ser at eit skikkeleg kamera hadde vore heilt på sin plass. Ingenting kjem heilt til sin rett med det utstyret som eg innehar for tida, men, men...









Påskeliljene har tjuvstarta litt her... Nye må nok inn når påska slår til for fullt.




Og eit lite bruktfunn til slutt. Eit litermål av den gamle gode sorten.

No å finne med ein eføy godt planta oppi ;-).





God helg!



fredag 5. mars 2010

Award og tankar om snø og påske



For nokre dagar sidan fekk eg ein koseleg award frå Hobbyrommet. Dette er ei kreativ dame som prøver seg på litt av kvart, syr, heklar, strikkar, scrappar, lagar lamper, pussar opp og styrer på. Mykje spennande som skjer hos ho!
Eg vil gjerne bringe awarden vidare til Margrethes hus og hage, Snillpike og Lisje Astrid's Husblogg. Koselege bloggar alt ihop!

I natt har vi fått litt meir snø her hos oss. Og eg er faktisk glad for det. Vi har hatt rekordlite snø her på fjellet i år. Skjærtorsdag bruker vi å ha eit av Sunnfjords største og mest tradisjonsrike skirenn, der huset og tunet vårt blir brukt som base. Dette er veldig kjekt, og eg håpar snøen kan ligge til Langfredag iallefall, då kan den berre forsvinne. Faktisk har det skjedd før, vi har hatt snø slik at vi akkurat såvidt har greidd og avvikle skirenn og dagen etter er den borte vekk. Men det er jo heilt greitt!




Det er stor aktivitet. Frå kjøkkenglaset blir det delt ut varm buljong og saft til alle deltakarane. Det blir steikt vaflar for sal. I Kiosken er det sal av pølser og brus. Vi brukar å ha ca 160-170 deltakarar. Alle med røter i bygda kjem heim med sine håpefulle for å delta i moroa. Heilt frå dei såvidt kan stå på skia er dei med. Ofte blir dei leidde rundt heile løypa.

Ikkje berre dei små er med. Ein del avsluttar karrieren sin etter nokre år, men andre held ut inn i evigheita. (Eg er ein av dei ;-)) Nokre konkurrere hardt, andre tek det som årets skitur (Eg er ein av dei ;-)) Og dei som ikkje startar, er med som heiagjeng. For dette er årets treffpunkt. Påskegjester, bygdefolk og folk frå nabobygd og by vil gjerne vere med på denne folkefesten.

Er det rart eg vil ha litt meir snø??




Bilda er frå 2009.









No er det tid for ein aldri så liten shining her i huset, og kanskje litt sying?
Får sjå kor langt eg kjem...






tirsdag 2. mars 2010

Likholefossen


Vi bur langs den framtidige Nasjonale Turistveg over Gaularfjellet. Fossane er blant hovudattraksjonane langs denne vegen. Over den ein fossen, Likholefossen, har turistvegprosjektet bygd ei spennande bru. Den er spennande i seg sjølv med sin unike arkitektur. Den er også spennande på grunn av at den går heilt utpå kanten av fossen. Når elva er å sitt største er det fascinerande å stå og sjå på vatnet som rasar under brua og utfor. Det er enorme krefter i sving. På bildet over er det vinter og svært lite vatn, mest snø og is.



Dette syns eg er ein spennande fotovinkel på brua.


På kveldstur.







Brua er også ein av innfallsportane til den 21 km, godt tilrettelagde og merka Fossestien som går langs elva. Det er fint å velge seg ut etappar på denne, gå oppover eller nedover alt etter smak og behag. Går vi oppover går vi alle dei mektige fossane i møte. Dei som ikkje har vore her, anbefalast eit besøk både på brua og Fossestien!