torsdag 25. februar 2010

Bruktkjøp


Eg har ein nostalgi-kjellar. Så lenge eg kan hugse har eg samla på og tatt vare på gamle ting. I kjellaren har vi eit heilt rom som er fyllt med dette. Frå ulike epokar, med ulik historie. Her kan ein nok bruke mange timar om ein skal oppdage alle ting... Ein del av det eg får tak i havnar her, andre ting glir inn i interiøret ellers i huset.

Ei blanding av mykje. Bruksgjenstandar, pynteting, bøker, møblar, redskap osv osv




I sommar var eg på brukthandel i ein låve som skulle rivast. Der fekk eg kjøpe denne flotte, gamle kista. -Og eindå nokre fleire kister...



denne korga eller tine eller kva eg skal kalle det, er fyllt med handarbeidsutstyr. Ikkje alt har eg funne ut av kva er endå...



Desse flotte boksane fekk eg kjøpe hos ei som hadde opprydding i eit hus som skulle rivast.
Veldig fornøgd med dei!



På låvehandelen min fekk eg også kjøpe fleire gamle tønner, dette er ei av dei. Tønneproduksjon var ei sterk næring i Dalsfjordområde i "gamle dagar". Difor syns eg det er kjekt å ta vare på desse. Dei skal nok etterkvart presenterast i ein litt anna "setting".



Eg er og veldig fornøgd når eg finn deler til dei gamle servica mine. Dette er eit av dei. Desse fann eg på bruktbutikken i sommar.
Dette vart ein presentasjon av litt av bruktfunna mine. Kunne nok ha holdt på nokre veker med det... men får ta det att ;-)


mandag 22. februar 2010

Forandring fryder


For nokre dagar sidan var det på tide med litt forandring i gangen. Ikkje alltid så mykje som skal til. Berre å flytte noko frå ein plass til ein annan, så er det så godt som nytt alt ihop ;-).
Her i huset er det nesten alltid blomster å finne. Spesielt på denne tida av året. Når alt er kvitt ute, får vi la det blomstre litt inne. Denne gangen var det nokre rosalilla krysantemum som fekk æra av å pryde ei stund. Eg måtte då dra fram nokre telysholdarar i same farge, og pynten som eg vann hos Lykkeliten før jul, passa perfekt. Den er å finne på lyset på veggen.



No har eg ein liten plan om at eg skal ta meg ei runde i huset og vurdere kva som er mine beste bruktfunn. Ei utfordring frå Nostaliga. Enn så lenge får den bilda frå gangen vere på topp i bloggen min.

lørdag 20. februar 2010

Skap med sjel

No er det kanskje ein del som veit at eg er veldig begeistra for gamle ting.
I huset er det difor møblert med mykje gammalt. Gamle skap, skrivebord, skjenkar og andre saker og ting.
Tenkte eg skulle vise noko av dette her på bloggen.


Dette er ein gammal spegelkommode. Den befinn seg på soverommet. Utruleg at den kom opp hit igrunn. Vi hadde ca 1 cm å gå på gjennom flaskehalsen i siste loftstrappa opp til 3. etasje. Den blir nok ståande her ei stund...



I ein stova har vi ein gammal skjenk. På eine sida har den spor av flytting, nemleg ein del striper og malingsflekkar. Den har nok vore flytta litt rundt i huset gjennom tidene. Opp og ned trapper, ut og inn dører. Men no har den fått fred her i stova i mange år, berre vore flytta frå ein vegg til ein anna. Strippene på sida ber jo preg av levd liv, så det har sin sjarm. Vi får vel litt striper både her og der, nokon kvar, opp gjennom livet..


Dette skåpet har og vore flytta rundt i tidlegare tider. Har vore matskap i ei leilighet i Bergen
blandt anna. Og ei stund trur eg bestemor mi hadde samla alle dei gamle skåpa på soverommet sitt (og det var ikkje særleg stort). Ikkje forstår eg korleis ho fekk plass til dei. Men ho var ein kløpper med målbandet, og var svært løysingsorientert, hehe



Dette har eg vist før. Eit flott skrivebord. Hadde opprinneleg bilder av
kong Olav i ei rute og fruen i den andre. Desse bilda har fått seg ein pause, og ligg no trygt forvart i skuffa i staden.

Bokskap frå min farfar sin barndomsheim. Det har blitt meg fortalt at dette hang ved "høgsetet" ved spisebordet, og inneheld viktige bøker og papir. Farfaren min har forøvrig laga fleire av desse gamle skåpa.
Dette syns eg er flott.
Her laga bestemor ofte juledekorasjon inni , med stall og nissar og alt som høyrde til. Eit heilt landskap. Spennande å sjå på for oss som var små.


Skapet under har vi tatt vare på i ein oppryddingsaksjon. Det heng for tida på kjøkkenet, med Greengate-samlinga mi inni.


På soverommet har eg også denne minikommoden. Den har eg hatt omtrent så lenge eg kan hugse. Har arva den frå mi tante som igjen hadde fått den frå sin onkel (bror til farfar)



Ein vaskekommode som også stammar frå ein oppryddingsaksjon. Den står på gjesterommet for tida. Med eit flott vaskestell som er arva frå Nordmøre.


Eg likar at tinga rundt meg har ei historie. Eg er ikkje særleg begeistra for nye møblar, det blir i såfall eit "nødvendig onde" og innkjøpa må tilpassast det gamle som er der frå før. Då likar eg igrunn betre å male noko som er sånn halvvegs utrangert og utan særleg sjel. Å gje slike ting eit nytt liv er ikkje så verst det heller.

(Kan ellers nevne at eg for tida ikkje innehar verdens beste bloggefotoapparat, eg har heller ikkje særleg tolmodigheit til å jobbe med dei foto eg har tatt. Det blir difor lagt ut som det er, uten redigering og anna fjas. Kanskje kjem det bedre tider når det gjeld dette? -men det er slett ikkje sikkert ;-))



lørdag 13. februar 2010

Eit par happeningar

Kom deg ut!


Sist helg arrangerte vi, Barnas Turlag Fosseheimen Gaular, Kom deg ut-dag her på Hoffslåttene. 79 små og store ville vere med å prise vinteren og snøen.
Vi har veldig lite snø her i år, men nok til å ake, gå litt på ski og ikkje minst grille ;-).
Det var kaldt, men sola er komt, og den varma godt den tida den var framme.


Alle ungane fekk drikkekoppar frå DNT. Og dei som ville fekk til og med varme blåbær med vaniljesaus eller varm solbærsasft i koppane.





London


Har også hatt ein liten svipp til London på studietur i forbindelse med videreutdanninga eg held på med.

Ein tur på Oxford Street stod også på programmet.
Mi "evige studieveninne" har også fått tak i litt posegodt.
Eg blei imponert over størrelsen på parkane i byen. Veldig flott at det er holdt av så mykje grøntareal. Neste gang eg skal tilbake til London vil eg reise når parkane er grøne. I Hyde Park treffte vi på mange koselege ekorn. Sjølv om vi hadde det travelt på veg til ein avtale, MÅTTE vi berre helse på desse. Vi er jo vant til masse dyr rundt hushjørna her heime, men ekorn som kom omtrent opp i fanget var litt eksotisk for oss ;-)
Eg måtte berre posere litt for å vise størrelsen på trea...

Eit besøk på ein Jamie Oliver sin restaurant stod også på programmet. Han plukkar ungdom inn frå gata og lærer dei opp i restaurantfag. Demed fekk vi eit restaurantbesøk med fagleg innhald.
Ellers kan eg nevne at det er kjekt å reise ut for å oppdage kva kvalitetar ein har heime... Kan nevne fleire lokale severingstader med kortreist mat som går denne restauranten ein HØG GANG! Juhuu!



lørdag 6. februar 2010

Treng eit ørlite grann meir inspirasjon




Har fått påfyll i stofflageret. Mykje retro og anna spennande. Mange mogelegheiter.
Symaskina har vore lite i drift dei siste vekene.
Treng eit ørlite grann meir inspirasjon.
Har ein anelse om at her er mogelegheiter for mange spanande kreasjonar.
Vanlegvis brukar det å boble over.
Det brusar litt, men ...


Gledar meg til det boblar!





Dette er spanande!








Eit utslite putetrekk med fint broderi har også potensiale...






Ha ei fortsatt god helg!