fredag 29. januar 2010

Sol



Det går mot midtsommar.
I dag kom sola inn i stova til meg.
Eg har i fleire månader levd på små te-lys-soler.
Endeleg kjem den store sola, og den har forhåpentleg med seg mykje energi!


Her skin sola på den gamle rokken.


På døra i spisestova.



ikkje så mykje vi ser av den over fjellet, men det blir meir!


Den kjem nesten ned til huset, eit lite stykke att på bøen, så er den her.



Naboane badar i sol.
Med sola, kjem sommaren, og her er planlegginga i gang av årets Fosserock. Dette er utruleg spennande. Nesten litt for nervepirrande av og til.... Kven bør vi velge? Kven kan vi få? Kva er lurt? Kortid kan vi få kven? Mange spørsmål, telefonar og meldingar og tankeverksemd. Det er januar, men på høg tid å starte booking og planlegging.




Bildet over er frå 2008, ca 1000 mennesker var til stades og fekk ei flott musikkoppleving med ei unik ramme av fantastisk natur.
God helg til alle!






mandag 18. januar 2010

Award og kveldsbilder

Frå Ann Helen med bloggen Snillpike har eg i dag fått award. Hjelpemeg, eg som ikkje har fått ut eit einaste nytt innlegg på bloggen på snart ei par veker...Men takk, takk, veldig koseleg!
Og då er det vel mi oppgave å gje den vidare til nokon. Hmm...
Denne går vidare til.....
Eg er alltid ute på feil tidspunkt når det gjeld fotograferinga mi. Å begynne å fotografere om kvelden, med blitz blir ikkje særleg vellukka når ein skal få fram litt stemning og ekte fargar. Det skjer med meg gang etter gang. Eg prøver med blitz og uten blitz og alt blir igrunn like dårleg. Her må eg skjerpe meg!
Men eg viser litt av dei mislukka bilda likevel.
Her i gangen starta vi på eit prosjekt for ei stund sidan, med å gjere om garderobeløysinga. Vi stengde att ei dør, og laga garderobe på heile veggen, med hyller bak døra, der det vart for liten plass til garderobe. Det er fortsatt litt småplukk att, litt lister, litt maling og litt ledningar som må fiksast. Men det kjem seg.


I gangen heng favorittlampa mi. Denne syns eg er fantastisk flott. Eigentleg så heng den litt utsett til der. Ting skal berast ut og inn og ymse andre aktivitetar gjer at den har fått svinga seg rett som det er. Eg har lurt på om den burde vore flytta, men har komme fram til at den høyrer til der, og berre må få leve livet sitt der, så lenge det varer. Og det har gått bra hittil, den har overlevd mange tiår.



I eine stova har vi plassert dette skrivebordet.
Det er arvegods og veldig flott, fekk lyst til å vise det fram i kveld ;-).


Denne veka har 3 av familiens medlemmer feira bursdag. Først pappaen den 13. og så to elleveåringar den 14. Så då er vi igang. Neste bursdag blir i mars, så april, så mai, og så pause i juni og ny feiring i juli.

Under viser litt av menyen. Eit eksperiment av året, var å servere bønnegryte. Dette har blitt ein favoritt her i huset. Men mange ungar er veldig kresne, og det var spanande å sjå kor mange som torde prøve seg på gryta...Cirka halvparten trur eg smakte den. Resten åt pølse med brød, som vi hadde "seifa" med denne gangen. I glasa er det gele i ulike fargar. Det er alltid ein suksess.



I barneselskap bruker vi alltid å dekke opp i nostalgi-kjellaren. Her er rikeleg med bord, og god plass til alle.



Som vanleg i mine blogginnlegg er eg innom litt forskjellige tema. Bildet under viser at eg er intet unntak i bloggverden, eg held på med hekleprosjekt i oldemorsruter! (er det ikkje det det heiter?) Forskjellen er vel kanskje den at eg held på med det same prosjektet i årevis, medan andre berre held på nokre veker.... No har eg plukka det fram atter ein gang, skal tru kor langt eg kjem no...?



Eg har også eit bruktfunn og vise. Desse to lysestakane er blandt dei siste på bruktfunnfronten min. 5 kr pr stk på gjenbruksbutikken kvalifiserte til eit nytt liv i vindaugskarmen min.




Nattbloggaren er no begynt å kvikne til etter eit døgn med omgangssykje, men bør vel likevel finne senga snart. Ha ei god natt! Neste gang skal eg gjere eit forsøk på å blogge med klare bilder tatt i dagslys ;-).......................trur eg...




torsdag 7. januar 2010

Kaldt, men våren kjem snart!

























13, 5 minusgrader ute er slett ikkje så ille samanlikna med mange andre stader for tida. lenger nede i dalen viser gradestokken -20. Likevel, for meg er det aaaaltfor kaldt! Og huset her som har dårleg og lite isolasjon og mange dårlege vindauge, faktisk fleire enkle vindauge er travelt å halde varmt. Med litt trekk/vind er det iskaldt på austsida i huset.

Huset her hadde 11 ovnar når vi flytta inn. Vi har gjort ein del utbetringar med vindauge og isolasjon, men det står myyykje att. Vi har fjerna ein god del ovnar, og sit no att med 4. 3 av ovnane er i full drift i dag. Den 4. skulle eg veldig gjerne hatt i drift. Men som bildet visar, så er det eit stykke frå ovnen til pipa. Manglar nemlig eit rør her. Etter at golvet vart skifta, vart den gamle ovnen som var sprukken bytta ut med ein ovn som stod i stova i 1. etg. Den treng nok litt puss og sverte, så er den god som gull!







Telys varmar. I dag har eg sikkert brent nærare 50 telys. Dessutan er det koseleg med telys. For eit vår og sommarmenneske er det faktisk heilt nødvendig med telys for å komme gjennom vinteren.






















For å overbevise meg sjølv om at det går mot vår, no når vinterens høgdepunkt, jula er over. Må eg ha vårlege blomster og fargar i hus.


Tulipanar gjer susen no i desse kaldaste og mørkaste månadane. Heldigvis er dei billige og ;-)





















Primula er obligatorisk på første handlerunde etter at juletreet har fått fyken.























Til slutt vil eg vise mitt siste kjøp på gjenbruksbutikken. Usikker på kor gammalt dette er, men sikkert frå 60-talet...Er det nokon som veit det?

Dette fatet fekk eg ein gang nokon hadde opprydding, og skulle kvitte seg med saker og ting. Bestemor hadde eit slikt ein gang, berre i større utgave, og eg syns difor det var koseleg å få tak i dette... Det har difor havna i Nostalgi-kjellaren min. Eg har vore innom gjenbruksbutikken fleire gangar, og sett på denne lysestaken. Dei første gangane kobla eg ikkje. Men så begynte eg å lure på om det var same mønster og fargar som fatet eg hadde heime... Og det var det! Kan godt sei eg var godt fornøgd når den fortsatt stod der med pris kr 20,-. Artig!

Same dag som denne handelen gjekk av stabelen, stakk eg innom Antikkbutikken i Førde. -Og der hadde dei eit slikt fat, og prisen .......350,-. Jøyemeg tenkte eg, og var endå meir fornøgd med å ha fått tak i denne lysestaken! (på bildet ser det ikkje ut som det er heilt same fargar, men det er det i verkelegheita)









lørdag 2. januar 2010

Juhu, der var det!

Endeleg dukka det opp! Dette gamle broderiet leita eg etter for ei stund sidan. Det var ikkje mogeleg å oppdrive. Plutseleg ein dag dukka det opp likevel, når eg slett ikkje leita etter det. Bravo!

Dette har eg hatt i eige så lenge eg kan hugsa, har jo alltid vore ein samlar når det gjeld gamle, fine ting, så eg har nok takka ja til det ein gang, når nokon har hatt opprydding i sakene sine.

No skal det i glas og ramme. Lurer på om eg kanskje har ei gammal ramme ein stad som eg har teke vare på. Skal snart ned i kjellaren og sjå. Etterkvart skal det nok få sin plass, kanskje på kjøkkenveggen? Fortsettelse følger i denne saken......

Ha ein fin kveld alle som ser innom her! Og ikkje minst, -godt nyttår!