fredag 30. oktober 2009

Gjenbruksfunn og 3000 timar?



Først til dagens funn på gjenbruksbutikken. 3 nye eksemplar til dette gamle Figgjo-servicet. Har ein del av det frå før. Dette er andre gang eg finn deler på gjenbruksbutikken. godt fornøgd..
Då er spørsmålet; går det 3000 timar til dette prosjektet? Det er vi førespegla. Godt vi ikkje veit svaret....

Det gamle tømmerhuset som vi skal flytte til våren treng både nye deler , og forsvarleg og omsorgsfull behandling av gamle deler... Vi håpar sjølvsagt at mest mogeleg skal kunne nyttast vidare. Men truleg må heile taket skiftast. Det har vore lekkasje i taket i ein del år, og det er mykje rote.. Tømmeret vidare nedover er mykje bra.
Men noko av golva må nok også skiftast ut. Då treng vi tjukke furuer....


Dette er frå den eldste delen. Her er iallefall tømmeret tilbake til 1800-talet, kanskje endå lenger.. Truleg 1700-talet, men kan vere endå eldre. Det må vi ta prøvar av. Blir spennande å få stadfesta det.




Loftet over den eldste delen. Mange byfolk på sommarferie og drengar har sove her. Sengar langs med veggane sto klar til å ta imot gjestene og arbeidarane.



Den nyaste stova. Her håpar vi å få golvet heilt ut. Det ser brukbart ut. Truleg vil det få ny maling etter fargane som har vore brukt tidlegare.



Loftet over den "nye" stova. Her trengs nok ein del ny golvplank...



Bratt og lang trapp opp til loftet. Ved foten av trappa, i mellomverket mellom dei to husa blir det truleg ein kjøkkenkrok. Over kjøkkenet kjem kanskje eit bad, om det går å få til på forsvarleg vis...





Ny inngangsdør treng vi også. Denne har nok gjort jobben sin. Kledningen kan vi bruke mykje av frå langveggane. Truleg det meste.



Dør i gamedelen.




Nye vindauge i heile huset og ny kledning på endeveggane må vi nok ha.
Så mulig det går 3000 timar? Jaja, for kvar time er vi nærare målet... Blir spennande og gjevande å jobbe med dette prosjektet. Eg gledar meg jo mest til innreiinga... men lyt nok smøre meg med tolmodigheit (litt iallefall, kjem ikkje til å sause meg heilt inn...). Men då rekk eg å samle meir inventar i mellomtida. Det er jo kjekt!


torsdag 29. oktober 2009

Hjerter og Norgesglas



I dag var det den store hjertedagen. Etter å ha blitt inspirert både her og der når det gjeld mosehjerte og andre hjerter, kom eg endeleg i gang. Dette var jo på langt nær så vanskeleg som eg hadde frykta. Så dei blei produsert nokre hjerter "på rappen" her. Hjertet på bildet over har fått plass ved utgangsdøra.




Som tidlegare Postmann Pat veit eg at det er kjekt med trivsel rundt postkassa. Og det er ikkje berre triveleg for postmannen, men for oss andre også sjølvsagt. Eit hjerte fekk difor plass i postkassehuset vårt. Dette vesle huset, er ein krysning av ein melkeramp, eit buss-skur og eit postkassestativ. Det kan brukast til så mangt..

Hjerte av lerkegreiner har eg også laga. Det har enn så lenge fått plass på den tomme veggen i stova. Greinene eg plukka hadde fortsatt nåler, så eg gadd ikkje lage så mange av desse i denne omgang. Har hengt resten av greinene ute så dei får drysse seg ferdig før eg produserer meir av den sorten...


Hadde litt til overs etter dagens produksjon. Dette har eg rett og slett putta på eit glas, så får det vere dekorasjon på kjøkkenet inntil eg skal lage noko meir.




Eg har MANGE Norgesglas. Nokre av desse brukar eg av og til. I dag var dagen då fleire enn på lenge skulle få komme inn i den daglege drifta. Som så mange andre bloggarar har eg putta te-lys på eit par stykker. Dei får stå framme på kjøkkenet.



Under skaprydding på kjøkkenet i dag. Fekk fleire glas flytte inn i skapet. Mykje ryddigare med einsarta oppbevaring...Det likar eg!
Når eg holdt på med hjertemakeriet mitt drog eg greiner og mose inn på kjøkkenet. Veslepus syns det var utruleg festleg med masse greiner å leike med på kjøkkengolvet. Saman med søskena sine hadde han full fest!


Eit siste hjert fekk plass i gangen. Er litt spent på kor lenge det får henge før det blir plagsom dryssing av mose, men det vil vise seg. Dette hjertet er pynta med tynn sølvtråd og perler. Det visar ikkje særleg godt på bildet, for eg har eit ikkje-verdens-beste-kamera...



Det blir nok laga fleire hjerter her i huset. Dette var morro!

søndag 25. oktober 2009

Kva skal eg blogge om i dag?







Eldste son er heime i kveld, og med str 47 i sko, er det god plass for ein liten pusekatt oppi der...






10-åringane har arbeidd med leire på skulen. Jonathan har registrert at te-lys er tingen no om hausten. Han har difor laga plass til dette i sitt kunstverk. Martinus har truleg hatt lørdagsgodt i tankane.. Flotte var dei begge to.




Dugnad igjen!





Rett over elva for der vi bur, skal det bli skianlegg. Ein akkurat passe stor bakke som vi kan trene oss i. Det skal bli kjekt med bakke så nær. Lysanlegget skal tennast til vinteren. Etterkvart skal vi få trekk også. Det blir bra! I helga var det dugnad. Felling av trær og rydding av kvist og kvast.




Ein god gjeng er i sving!



Her ser vi heim til oss!




Min jobb var å bringe mat til dugnadsgjengen. Sosialt samvær med litt kos og varmt i koppen høyrer til på einkvar dugnad!



Og så var det litt interiør.....




Gangen er ikkje ferdig. Det står att både listing, maling, ledningar og litt meir spekulering. Likevel er det begynt å ta form. Speil og anna er komt oppatt på veggane, og det er leveleg...



Fortsatt i gangen....



Og så litt bad....


Eg skjønte ganske fort at eg måtte ha ein liten benk på badet. Og det tok ikkje lang tid før "den rette" dukka opp. Denne er faktisk nyinnkjøpt. Det som var så bra var "sølvføtene" på benken, ettersom eg har lagt meg på litt "sølv"-tilbehør på badet.

God søndagskveld!

fredag 23. oktober 2009

Ein ekstra positiv dag.....





Først vil eg takke for denne Awarden som eg har fått frå Solbergets Mange Prosjekt.
Ho var vel eigentleg den som inspirerte meg til å "guffe opp" blogginga mi att for ei tid tilbake. Mange fine bilder (det kan ho!), kreativ som berre juling, og alltid positiv. Flott blogg!



Å gje vidare slike er vanskeleg.... Mange som fortener det, på ulike måtar.

Eg har likevel tenkt at eg skal beære Minkas rede, -fordi ho inspirerer med mange forskjellige kunster, -maler, -syr, - og lager saker og ting som eg nesten ikkje forstår noko av..., Nostalgias verden, -fordi ho slår i bordet med bakgrunnskunnskap om saker og ting, som imponerer meg og er ein meister til å gjere nostalgiske kupp på loppemarked ol. som ho viser til oss andre, og Elle Meller, - fordi ho stadig har inspirerande gjenbruksprosjekt på gang, -fordi ho har ein ordenssans som eg kan like, og fordi ho skriv nynorsk i bloggen.



Det var dagens!



Ellers har eg hatt vinnarlykke i dag! Har vunne ein overraskelsestoffpakke frå Hobbyrommet. Gledar meg til å sjå!








I dag har vi også komt litt lenger i planlegging av ei litt større prosjekt, nemleg flytting av eit gammalt tømmerhus. Det har eg alltid ønska meg. For eit par år sidan begynte vi å sjå etter slike hus, som kunne vere potensielle for flytting. No har vi funne eit som til og med ligg i same bygda. Det er positivt, det blir enklare å arbeide med og historien forblir i lokalmiljøet.
Demonteringa skulle eigentleg ta til i august, men veret og litt andre omstendigheiter hindra oss. Vi har fått gjort litt ryddearbeid og litt nødtiltak, så no er planen å starte til våren. Dette blir eit spanande og krevande arbeid. Men det skal bli bra til slutt! -og ikkje minst mange av dei gamle sakene eg har samla i årevis, skal få komme i eit autentisk miljø. Gledar meg!









Slike fantastiske dører finst i huset! Fleire bilder og oppdateringar om dette prosjektet vil det garantert komme meir av her ;-)

Endå meir positivt har komt i min veg i dag, men ikkje alt treng bloggast om. Hadde eg berre funne det gamle broderiet mitt som eg har leita etter i dag, så hadde det blitt verkeleg velstand!

onsdag 21. oktober 2009

I mjølkerampens rike





Eit rampeprosjekt har pågått i bygda ei stund. Det vil sei at vi vil rehabilitere og ta vare på rampane og historia omkring desse. Prosjektet har vi kalla "Damer i sving". Det vil sei at damer har teke initiativ, søkt om prosjektmidlar, fått, og organisert arbeidet vidare.Vi er no eit godt stykke på veg med jobben. Det er kjekt å sjå at rampane framstår som innbydande og velstelte. Hadde rampane kunne snakke, hadde dei nok hatt mange gode historier å komme med. I si storheitstid var det eit viktig møtepunkt i mange grender. Her blei nytt utveksla, både med naboar og med mjølkebilsjåføren som køyrde gjennom bygdene. Her leika ungane. Eg har sjølv hatt mange konsertar i forskjellige rampar. Dei fungerer nemleg perfekt som scene for småjenter. Her har vi kunne søke ly for veret. Romantikk har det nok tidvis også vore i rampen.



Denne rampen har i desse dagar fått nytt liv. Her er ein dugnadskar i full sving..


Denne rampen ligg like ved ei ferist. Der trillar det stadig hjulkapslar. Rampen er eit lite hjulkapselmuseum. ;-).



Dette er vel den største rampen langs vegen. Denne ligg slik at turgåarar på Fossestien kan ta seg ein rast. Mange syklistar tek pause for veret her. Rampen er pynta med mjølkespann og blomster. Ei tavle som formidlar historien med bilete og tekst, kjem på plass her i desse dagar.








Ein mindre ramp, i ei mindre grend. Like søt, om ein kan kalle ein ramp for det...


Tre rampar til står att på programmet til å få nytt liv. Når dette er ferdig kan farande og fastbuande beundre alle desse små byggverka. Vi håpar dei no kan stå i mange år og formidle ein del av bygda sin historie.
Velkommen til mjølkerampens rike!


mandag 19. oktober 2009

Ferdig med småprosjekt + ein skatt og litt nytt









Moro å framstille desse hjarta i forskjellige variantar. Like før eg skal prøve meg på nokre romantiske variantar no. Det har eg tru på kan bli bra, om eg får det til som eg vil....








Ei veske, litt koseleg vart den til slutt, med knappefjas....





Eit par smekker, hekla på enklaste måte, med "det lille ekstra" .







Og så var det desse forklekjolane, då. Har prøvd meg på nokre variantar her, moro å sy desse.

På biletet over er den sydd i fleece, med for frå ei gammal t-skjorte..







Kan brukast på begge sider...

Eit gammalt småblomstra stoff på eine sida, og eit nytt frå Stoff og Stil på andre sida...












Her ein variant med begge stoffa frå Stoff og Stil..






Og så ein skatt. Eit gammalt englebilete som er "redda". Det skal nok komme til sin rett på sikt.....Kjem meir om det etterkvart....





Aller sist, -dorullholdaren som eg har bestilt frå Nina i Paradiset sin kommande butikk. Den er no på plass på det nye badet. Så då er det berre å vente på at resten av baderomsduppedittane skal dukke fram... Eg veit kva eg skal ha, men eg veit ikkje om det finst...!?












søndag 18. oktober 2009

På tur rundt huset



I dag var det eigentleg ver til å gå tur i, men på grunn av bøssebæringsoppdrag, krympa dagen litt inn. Dagens tur blei difor ein tur rundt huset for meg og Martinus. Vi bur veldig nær elva, så vi gjekk ned for å sjå på den. Det er alltid litt spennande når elva er så lita som no. Vi kan plutseleg gå på berg og steinar som ellers er under vatn.

Martinus poserer, på bildet over står han på "fiskeberget". Fiskeplassen.


Her er vi på eit berg som går ut i elva, som ikkje alltid er like tilgjengeleg....


Utsikt mot den eine brua og ein gammal sommarfjøs på andre sida. Utruleg klart og fint no på denne tid av året.




Eit forsøkt på å ta bilde av skibakken som vi held på å opparbeide på andre sida av elva, men sola ville ikkje vere heilt med på det... Iallefall stolpar til lys er på plass. Boring og fjerninga av dei største steinane held på og det blir ryddedugnad til helga av skog og kvist og kvast.


Utsikt oppatt mot huset. Er ikkje særleg begeistra for det store vindauge når ein ser det frå denne vinkelen. Dette vart sett inn på 70-talet, og erstatta to andre vindauge som tok seg mykje betre ut. Men eg skjønar tankegangen, for vi har ei mykje finare utsikt frå stova, både mot fjella, elva og sauene på bøen. Så spørs om ikkje vindauge lyt få stå. Kanskje vi kan dempe det litt med sprossar på sikt....

Tre gutar med 4h-prosjekt held på med innspurten. To av dei har baking, så det er hyppig bakst for tida. I dag var det brød og muffins på programmet. Kjekt for oss!