søndag 30. august 2009

Høner og utefjas

Utefjas og høner
-i den rekkefølga-





Har i fleire år tatt vare på ei gammal rusta jerngryte. Eg har lurt på kva eg skulle gjere med ho.... Til slutt enda eg opp med at eg iallefall ikkje skulle koke noko i den. Så då kunne eg vel ta og lakke den. Rart er det, at ein kan gå og spekulere og lure i årevis, og så vips, så er det gjort. Gryta vart pussa litt, sett inn med owatrol og til slutt bengallakk. Og så hjelp til å få den plassert, og vips var det komt ei kvit rosebusk, som eg ikkje hugsar navnet på. Det burde eg jo, skal eg halde tritt med alle dei flinke hagebloggarane, men skit og, eg kan sikkert noko ikkje dei kan....Dessuten så står det på lappen som står nedmed kanten, så eg kan hente meg innatt....;-)


Vi har fått laga oss eit lite "postkassehus" som og er eit kombinert "vente-på-bussen"-skur. Til å vente på bussen blir det igrunn lite brukt. Vi bur nemleg så nær vegen at vi kan sjå i kjøkkenvindauget når bussen kjem, og gå opp til vegen når vi ser den i svingen.... Men, men, det går allefall å søke ly her om ein vil det. Eg latar og som det er ein slags variant av ein gammal mjølkeramp. Difor har eg stilt opp eit par spann her som fjas og pynt.

Eit par gamle utslagsvaskar har eg også forbarma meg over. Jammen slapp dei å gå på dynga. Heldige som fekk meg som forvarar. Eit nytt liv på veggen vart det, med blomster i.

Hanen vår heiter Einar. Den er oppkalla etter ein kamerat som har ein hund som heiter Heidi (det same som meg). Det er jo rettferdig....

Han har ein heil hærskare med kaklehøner som han deler hus med. I sommar har vi også fått ein Einar d.y. Då slepp vi lage nytt dørskilt om gamlefar går bort. Einar den eldre regjerer hønsehuset inne, og Einar den yngre regjerer hønsegarden ute. Dette har fungert fint, når dei blei einige om det. Er meir usikker på korleis det blir når snøen og kulda kjem og alle må inn. Skal tru om dei finn ei ordning på det?

Kjekt å vere høne når ein kan spankulere ut og inn som ein vil. Aller helst ville dei nok gått fritt i hagen, men det har vi prøvd før, og det var rett og slett ikkje så morsomt for den som hadde ordna og stelt i blomsterbed, sett poteter, og vaska hellene framfor døra. Eit avgrensa område fungere nok litt betre. Det er faktisk og litt tryggare. Skummelt for ei høne som forvirrar seg ut i vegen, opp til naboen som har hund, eller rett og slett blir luska på av mikkel rev. Alt i alt best med eit lite gjerde rundt trur eg..









mandag 24. august 2009

På skattejakt igjen....

I helga var vi på tur. Det resulterte i at eg greidde å komme meg innom ein bruktbutikk som var ny for meg. Spanande! Og jammen blei det funn! Eg har i mange, mange år samla på nokre svarte pynteting med mønster. Dei to første tinga fekk eg av mormor, ei blomsterpotte og eit slags form med hank på. Eg fekk dei fordi eg rett og slett likte dei godt. Etterkvart har eg dumpa borti variantar av denne "serien" her og der fram gjennom åra. Noko har eg fått tak i på bruktbutikkar, noko har eg kjøpt av kjente og noko har eg fått av familiemedlemmer. Desse svarte tinga er blant det eg stadig er på jakt etter. Og det er eit skikkeleg kick når eg finn noko, jøyemeg.


Dette fatet (over) dumpa eg altså bort i på denne bruktbutikken. Eg var nett ikkje sein om å snappe det til meg. Billig var det og, 30 kr, -endå artigare!

Her er noko av det eg har samla frå før. Blomsterpotta som var ein av dei første tinga eg fekk av desse, er dessverre knust. Eg gledar meg til eg finn ei ny!



Så blei det også ei søt sukker/syltetøyskål på meg, den til høgre. Desse syns eg er søte. Det dukkar fram litt barndomsminner, farmor hadde slike. Den til venstre har eg kjøpt på gjenbruksbutikken for ei tid sidan. No har eg altså to. Trur det finst slike med rødt glas i og, kanskje eg skal prøve å få tak i ei slik og etterkvart?


Den nyaste!




Så til slutt denne søte brikka. Eigentleg godt slitt, men desto søtare. Denne falt eg for med ein gang eg så den. Ikkje så stor, men passeleg, og veldig koseleg! Etter desse funna var dagen redda!
Fatet havna i stova i "svarte ting samlinga" mi. Dei andre to funna er plasserte mellombels i mitt museum. Dei får nok sin plass etterkvart...











torsdag 20. august 2009

Nytt bad og bruktfunn


Fann 5 slike stolar på gjenbruksbutikken for nokre veker sidan. Har ein plan for dei etterkvart. Foreløbig er dei plasserte rundt i huset, på kontoret, i stova, på badet osv. På badet har eg ein plan for ein slags benk etterkvart, men inntil videre har denne stolen plass her.



Fine knaggar syns eg. Spennande å leite etter det rette tilbehøret. Er litt på veg med desse her. Så no er liksom malen sett for kva meir som kan få lov å komme inn her. Blir spennande å jakte videre....




Badet begynner no å ta form. Manglar dusjdører og litt maling på ei list og dørlister. Og så er det det berømte tilbehøret. Får ta det over langs, så dumpar eg nok borti det rette etterkvart. Det som er morsomt med badet er at det er sett saman av restar og litt gjenbruk. Det likar eg godt. Å sjå at ting kan nyttast ein plass i staden for å kaste det, eller berre stable det vekk og gløyme det. Flisane på veggen og skiferen på golvet er restar frå tidlegare prosjekt. Lampekuplane har eg spart på sidan vi flytta inn i huset og bytte dei ut med diverse anna belysning. No kom dei til nytte. Godt fornøgd med det. Skap og speil er nye. Det same er panelen, men det er same type panel som er nytt ellers i huset der det er panel frå gammalt av.




Då er det om å gjere å få unna siste rest, og vente på at malingslukta skal forsvinne ;-)



onsdag 19. august 2009

Mellom bakkar og berg utmed havet





I sommar har vi vore på tur. I sangen syng dei om bakkar og berg utmed havet. Og der var vi! Mormor sin barndomsheim. Urtegarden. Eit veglaust småbruk i Solund. Tidlegare har eg kun vore dit med båt. Denne gangen ville vi prøve å finne vegen til fots. Vi starta eit par"nabogardar" i frå. Ein snill nabo som ferierte på garden der vi hadde utgangspunkt ville følge oss eit stykke på veg. Han var godt kjend, for dette hadde vore hans skuleveg i gamle dagar. Takk for det!



Stien var slett ikkje lett å finne. Mange, mange år sidan den skulen var i drift. Men med kjentmann gjekk det greitt, fram til neste gard. Her var det også folk på ferieopphald, så vi spurde oss for, og fekk fortalt omtrent kor det var lurt å gå vidare. Kjentmannen snudde, og vi fekk fortsette åleine. Her fekk vi stole på at noko var nedarva i genene frå dei som har gått her mange gangar for lenge sidan... Her var det ikkje lett å finne stien. Det har vore ein sti ein gang, men den var nok attgrodd for lenge sidan. Einekrattet raspa rundt beina, over stein, rundt berg, over elv, opp der, ned der, den vegen eller den vegen? Dette var skulevegen til små barn, i storm og blest!



Så fekk vi auge på sjøbua. Der er det! Men korleis komme seg dit? Ikkje ned der for der stuper det rett i sjøen. Rundt den knausen kanskje?





Eit spennande, litt annleis og utfordrande landskap å ta seg fram i når alle stiar er attgrodde for mange ti-år sidan.

Ei fin strand innerst i vikja før vi kjem til Urtegarden.





Innimellom desse knausane har forfedrane rydda seg mark med handemakt. Fascinerande å tenkje på. Her måtte både tolmodighet, krefter og motivasjon takast i bruk. Men hadde dei noko valg? Sjøen og jorda var levebrødet. Trasigt å tenke på at det no gror att sakte men sikkert, etter alt slitet dei hadde her.



Denne knausen er eg spesielt glad i. Den må alltid besøkast og fotograferast dei gangane vi er her. Det som er litt rart, er at denne knausen er større enn eg hugsa den. Ellers er det ofte omvendt. Det vi hugsar som stort når vi var små, eller for lenge sidan er ofte mindre enn vi hugsa det. Med denne var det altså omvendt denne gangen.
Kjekt å ha gjort dette. Det var det største målet for sommaren. No er vegen lagt på minne, og vi skal gjere det igjen!






tirsdag 18. august 2009

Skattejakt


Skattejakt på gjenbruksbutikken er moro! Mitt siste funn var denne karaffelen med tilhøyrande drammeglas. Hugsar vi hadde slike drikkeglas på 70-talet. Eg var ikkje sein om å snappe dei til meg då eg oppdaga dei i butikken. Godt fornøgd!
Dette skal nok får sin rette plass med tida!

Hesjing og høyvogn



I gamle dagar, før vi hadde traktor på bruket var det høyvogna som var redskapen som vart brukt for å transportere høy når de skulle innhaustast. Det aller kjekkaste var å få "trakke" lasset og sitt på når høyet skulle trillast inn.




Fortsatt er høyvogna i bruk. Den har fått nye deler ved behov framigjennom tida, og er fortsatt i bruk til mangt og mykje som skal forflyttast









Fortsatt er det hesjar å sjå. Det er langt mellom dei. Men her på bruket er det alltid nokre å sjå gjennom sommaren. Det er mykje arbeid, men fint å sjå på ;-)








Leikehytta


Inspirert av diverse bloggar og interiørblad i løpet av sommaren fekk leikehytta brått ein dag heilt ny stil. Eller, stil kan vi vel ikkje sei den hadde tidlegare. Synd eg ikkje fekk tatt bilde før endringa, men når eg først bestemmer meg for noko er det ikkje tid til å finne fram kameraet først... Iallefall, det var rett og slett ukoseleg. Trekvite veggar og golv som ikkje var særleg pene lenger. Eit trekvitt bord med svarte merker på bokplata. Ein rød stol, ein gråsvart stol, ein blå sofa med bamsar på og eit brunt nattbord. Alt blei malt kvitt, golv, tak, vegger, møbler. Sofaen fekk nytt trekk sydd av lappar frå stofflageret av gamle gardiner, dukar mm. Fortsatt har vi litt dill igjen. Vi skal ha opp nokre søte gardiner, bilder, puter og slike ting. Uansett, no syns vi det er ganske fint!