Den vesle Flatelva er blitt stor og skummel!!
Flatheim heiter det her vi bur. Nesten på Gaularfjellet brukar vi å sei. 420 m over havet. Her har vi det flott! Det som mange har som sitt ferieparadis, har vi som heilårsparadis, luksus! Vi har snø i fleire mnd om vinteren, og kan ta dei flottaste toppturar på ski rett frå stovedøra! Om sommaren kan vi velge å vrake i fantastiske turmuligheter, og det hender vi har opp i 20 grader i vatna her! Vi bur på eit lite småbruk, med sauer, høner og hanen Einar, kattar og kaninar.
søndag 28. oktober 2007
Kunstverkstad med Kjartan Slettemark
Ein hemmelegheit på Slåttene.
På Slåttene har vi hemmelge stader. Under 2. verdenskrig då det var forbudt med radioar, gøymde dei radioen oppe i lia, i ei hole under nokre store steinar, ikkje lett å finne. Fortsatt ligg batteria som dei brukte i denne hola. Det er ganske fascinerande at det har lege urørt i over 60 år! I august hadde Barnas Turlag- Fosseheimen-Gaular tur hit, eller det var ikkje det som var meininga, men pga veret gjekk vi hit. Vi hadde nemleg med oss graut som vi skulle ete i Storeskrea ved Grautasteinen, slik dei gjorde i gamle dagar, då dei heldt på med utmarksslått. Men tok til å regne så mykje at vi gjekk hit i staden, for å kunne sitte litt tørrare under steinane. Grauten smakte fortreffeleg ute i regnet!!
lørdag 27. oktober 2007
Fonn - Tungestølen 070707
Vi startar frå Fonn i Stardalen tidleg laurdag morgon. På rekke og rad over brua for å bli talde.
Fonn - Tungestølen 070707
Her fekk høgdeskrekken utfalde seg. Fy flate! Det er langt ned og det er bratt, mjølkesyre i beina umiddelbart då eg kom fram på kanten, har ikkje hatt gangsperr på sikkert 15 år, men i løpet av få minutt fekk eg det kasta på meg!!! Tok si tid ned her... men kunne ikkje snu og gå over breen og nedatt til Jølster, for der var det også bratt og ingenting å halde seg i, her var det trass alt litt busker å klamre seg til....
Abonner på:
Innlegg (Atom)