torsdag 22. mars 2007

snart sommar...

Medan vi ventar....



kan vi glede oss og kose oss med gode minner frå i fjor. Dette er eit koseleg bilde av Jonathan og Martinus som utforskar litt av naturen ved Mjellstølen. Det er vel ikkje heilt rett å sei at det er sommar, det er vel heller haust. Men, det er iallefall varmt nok til t-skjorte, og då er det ikkje så verst....eller?

lørdag 3. mars 2007

"Storm frå nordvest"

Flott teaterkveld! Urpremiere på "Storm fra nordvest", ein musikal inspirert av Jakob Sande si dikting. Fekk både tårer i auga, frysningar og latterkuler. Stolt av å vere sunnfjording med sognebunad i kveld! Skal verkeleg prøve å få med meg ei framsyning til, kanskje i Dale? Der er det jo ein ekstra sus over det, litt nærare Kobbeskjæret og alt det andre. Det kan vekeleg bli ein god nr 2-fest i Fjaler!

torsdag 1. mars 2007

inne i huset


Spisestova, eller etestova som eg kanskje burde kalle den......



Inne i huset

Stova, dvs den eine av stovene våre. I høst og vintermodus når det gjeld gardiner, puter osv. Rundt påsketider blir det eit hamskifte i så måte....






Salongen, - i salongen har vi tv, bøker, filmar osv. , og ein god sofa...




Loftstove (over) med utsyn mot himmel og fjell. Med store takglas har vi flott utsikt her oppe!

Inne i huset


Nr 3 og 4, prinsesserommet og det blå rommet. Begge har sengetepper frå Flatheim kreativ.
I det røde og rosa sengetepper finn vi bestemor sine kjøkkengardiner fra 70-talet.... Det er litt morsomt og tenke på. Dette er Ronja og Martinus sine rom